Farleg avfall - deklarasjonsgebyret aukar

Klima- og miljødepartementet har vedteke å auke deklarasjonsgebyret for farleg avfall frå 15 til 38 kroner per tonn avfall frå 1. november 2022.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 31.10.2022

Årsaka til auken er at vi har støytt på store utfordringar i arbeidet med å forbetre Avfallsdeklarering.no og vi må utvikle eit heilt nytt deklarasjonssystem for farleg avfall.

For å dekke inn dei auka utgiftene blir vi derfor nøydde til å auke deklarasjons -gebyret vesentleg for ein mellombels periode.

Klima- og miljødepartementet har no vedteke forskriftsendringa med verknad frå 1. november. Gebyrauken vil komme ved første fakturering i februar 2023. Det betyr at ny gebyrsats blir nytta for deklarasjonar med ferdigstatus frå 1. november 2022.

Det nye systemet vil vere på plass først i 2024, men dagens system vil nyttast fram til dette.

Litt større auke i gebyret enn i forslaget som var på høyring

Deklarasjonsgebyret vil auke ein kroner meir per tonn avfall enn det Miljødirektoratet først foreslo.

Oppdaterte tal for utgifter for å utvikle eit nytt deklarasjonssystem sett i forhold til estimerte inntekter frå deklarasjonsgebyret, tilseier at satsen bør vere litt høgare enn i forslaget som var på høyring. Vi tilrådde derfor å sette ny sats til 38 kroner per tonn og ikkje 37 kroner per tonn, som vi hadde på høyring.

Vi ser på dette som ei mindre justering som ikkje gjer det nødvendig med ny høyring. For kvar enkelt aktør som blir fakturert vil justeringa ha lite å seie.

Det kom ingen innvendingar på auken i høyringa, men bransjen vektlegg at næringslivet må  få spele inn behova sine for å få eit godt system for brukarane. Som ved tidlegare utvikling av deklarasjonssystemet vil vi også no involvere bransjen.