Verdsarv-råd til Vestnorske fjordar

Verdas naturvernunion (IUCN) har levert rapporten sin med råd om korleis verdsarvområdet Vestnorske fjordar bør forvaltast vidare.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 21.10.2022

Verdsarvområdet inkluderer Geirangerfjorden og Nærøyfjorden og blir delt av seks kommunar.

IUCN er det offisielle fagleg rådgivande organet for Unesco når det gjeld naturarv. Under ei synfaring i verdsarvområdet i slutten av juni møtte IUCN blant anna dei aktuelle kommunane og tiltakshavarar. Etter dette har eit panel med ekspertar diskutert funna og skrive ein rapport med eit sett av råd.

Rapporten slår fast at verdsarvområdet er godt forvalta og har god tilstand. Samtidig blir det uttrykt bekymring for det aukande presset på verdsarven frå aktivitetar og utbyggingstiltak. 

For å halde oppe den gode tilstanden, tilrår dei blant anna å

  • lage ei strategisk konsekvensutgreiing som ser på samla verknad på verdsarven frå all aktivitet
  • sikre at pågåande konsekvensutgreiing av enkelttiltak følgjer anbefalt metodikk og nøye vurderer verknaden på alle delverdiar som ligg til grunn for verdsarvstatusen

Ynskte innspel om verdsarven

Bakgrunnen for rapporten er at nasjonale og regionale styresmakter, og dessutan kommunane, ynskte faglege råd og innspel til det løpande arbeidet med å ta vare på verdsarvstatusen. Forvaltningsplanen er under revisjon og i tillegg er det stor aktivitet og mange initiativ som kommunane skal ta stilling til som planstyresmakt.    

– Verdas naturvernunion gir tydelege råd til planprosessane og initiativa dei vart presenterte for under synfaringa. No er det opp til ansvarlege styresmakter og tiltakshavarar å ta stilling til råda gjennom dei pågåande planprosessane, seier Knut Fossum, leiar for seksjon for verneområde i Miljødirektoratet.