Kvikksølv i dei fleste lysrøyr er no forbode

Frå 24. august er det forbode å importere dei fleste lysrøyr som inneheld kvikksølv til EU/EØS. Dette er lysrøyr vi bruker både heime og på jobben.

Publisert 24.08.2023

Kvikksølv er svært helse- og miljøskadeleg, og har lenge vore forbode i ei rekkje elektriske og elektroniske produkt, også i mange lyskjelder, gjennom RoHS-direktivet.

Nokre kvikksølvhaldige lysrøyr og sparepærer har likevel vore unntatt forbodet fordi det har mangla alternative lysrøyr. I dag finst det gode, kvikksølvfrie alternativ, mellom anna Led-lysrøyr og Led-pærer.

Frå 24. august 2023 er desse lysrøyrtypane forbode

Frå 24. august 2023 er det forbode å importere og setje nye lysrøyr av desse typane på marknaden i EU/EØS-landa fordi unntaka for desse lysrøyra går ut.

Desse unntaka blir oppheva no:

  • T5-lysrøyr (går ut august 2023)
  • T8-lysrøyr (går ut august 2023)
  • Ein type kompaktlysrøyr (CFL) (går ut august 2023)

Tidlegare i år vart det forbode med desse lysrøyrtypane:

  • T2-lysrøyr (utløp februar 2023)
  • T12-lysrøyr (utløp februar 2023)
  • Fleire typar kompaktlysrøyr (CFL) (utløp februar 2023)
  • Nokre lågtrykksutladingsslampar (utløp februar 2023)
  • Nokre høgtrykksnatriumlamper (utløp februar 2023)

For meir detaljar om unntaka som går ut i 2023 og lysrøyra som dermed blir forbodne, sjå unntak 1-4 i vedlegg 1 i produktforskrifta kap. 2a.

EU anslår at utfasinga vil forhindre at nærare 2000 kilo kvikksølv kjem ut på den europeiske marknaden kvart år.

Kan selje ut det som allereie er på lager

Forhandlarar som har importert lysrøyr som blir forbode i 2023 har lov til å selje ut lagera sine, men kan ikkje kjøpe inn nye etter at forboda mot dei ulike lysrøyra byrjar å gjelde.

Ikkje nødvendig å skifte ut lysrøyr ein har

Så lenge lysrøyra er heile, er det ingen fare å bruke dei ein allereie har heime eller i andre bygg. Det er først viss eit lysrøyr knuser at ein skal vere varsam.

Forhandlarar og kommunar har plikt til å ta imot lysrøyr og handtere det på ein eigna måte.

EU har også vedteke ein økodesignforordning (forordning 2019/2020) som fasar ut mange av dei same lyskjeldene.

Unntaka som blir oppheva

Unntaka frå RoHS-direktivet kan lesast anten i vedlegg 1 i produktforskrifta kapittel 2 a, eller i sjølve EU-direktiva. RoHS-direktivet er implementert i Noreg i produktforskrifta kap. 2a.

EU-direktiva