Seks verktøy for å kutta lokale klimagassutslepp

Jobbar du med klima og miljø i ein kommune eller fylkeskommune? Her er seks råd og verktøy som kan hjelpa deg med det lokale klimaarbeidet.

Publisert 20.02.2023

Treng du hjelp til å kutta klimagassutsleppa i kommunen din?  Miljødirektoratet har samla nokre råd til deg som lurar på korleis du kan få fortgang i arbeidet i 2023.

1. Sjekk korleis kommunen din ligg an

Lurar du på kva slags sektor som står for mest utslepp i kommunen din? Eller korleis utsleppa har utvikla seg dei siste åra? På nettsidene til Miljødirektoratet finn du oversikt over klimagassutslepp frå ni ulike sektorarar, for alle kommunane og fylkeskommunane i landet.

Du kan også finne tal for utslepp og opptak frå arealbruk og arealbruksendringar i kommunen din her:

2. Søk Klimasats-støtte

Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutta utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Det er sett av 100 millionar kroner til Klimasats-ordninga i statsbudsjettet for 2023. Søknadsfrist er 1. mars 2023. 

Les meir om Klimasats og korleis du kan søkje støtte til lokale klimatiltak:

Arbeidar du i ei ein fylkeskommune der hurtigbåtar er ein del av transporttilbodet, finst det også ein eigen pott for støtte til utsleppsfrie hurtigbåtar. Søknadsfristen er den same som for dei andre Klimasats-tiltaka, altså 1. mars 2023.

Les meir om ordninga og søk støtte til utsleppsfrie hurtigbåtar:

3. Lær av prosjekta til andre

I fjor fekk Bodø kommune Klimasats-midlar for å skaffa fleire elektriske anleggsmaskinar og ein batteribank på hjul i samband med eit større byggjeprosjekt i kommunen. No har dei laga Nord-Noregs første utsleppsfrie anleggsplass, og tilsette frå fleire andre byar, inkludert millionbyen Barcelona, kjem for å læra av det dei har fått til i Sjøgata i Bodø.

I oversikta over dei  ulike Klimasats-prosjekta kan du sjå nærmare på prosjekt som har fått støtte i andre kommunar, og få idear til kva slags prosjekt du sjølv kan setja i verk eller søkja støtte til.

Og viss du har lyst til å høgre meir om den utsleppsfrie anleggsplassen i Bodø, finn du ein podkastepisode om temaet her:

4. Delta på klimawebinar

Våren 2023 arrangerer Miljødirektoratet ei rekkje gratis webinar om lokalt klimaarbeid for kommunar. Dei neste månadene kan du mellom anna lære meir om

  • Korleis kommunar i Agder har brukt reisedata frå innbyggarane sine mobiltelefonar til å gjere areal- og transportplanlegginga meir klimavennleg.
  • Kva kommunar kan gjere for å vidareutvikle tettstadar på ein klimavennleg måta
  • Smarte løysingar for å redusera bruken av bil i sentrum av byar og tettstader
  • Og fleire andre spennande tema

Les meir om dei ulike webinara og meld deg på:

Finn du ikkje det webinaret du er på jakt etter i programmet, kan du også ta ein kikk i arkivet. Der har Miljødirektoratet samla alle tidlegare klimawebinar:

5. Lytt til andre sine erfaringar på podkast

Miljødirektoratet har ein eigen podkast spesielt retta mot kommunar og andre som er opptekne av lokalt klimaarbeid. Her får du høyra korleis klimarådgivarar, ordførarar og andre jobbar for å kutta utslepp av klimagassar. Bli inspirert av dei som har skapt endring og resultat over heile landet.

I den nyaste episoden  får du mellom anna lære korleis fire små kommunar har jobba med å gjere arealplanlegginga meir berekraftig.

Vil du høyre fleire episodar, finn du alle episodane på denne sida, eller ved å søkja opp "klimapodcast" der du vanlegvis lyttar til podkastar.

6. Diskuter med kollegaer i andre kommunar

Nettverk er alltid nyttig. Bli med i Facebook-gruppa for alle som jobbar med å redusera klimagassutslepp og klimatilpassing. Her deler Miljødirektoratet og andre nyttig kunnskap, særleg for deg som jobbar i ein kommune eller i regional forvalting.

Bli med i Facebook-gruppa "Lokalt klimaarbeid" her: