Verkemiddel for å redusere klimagassar i jordbruket

Europeiske land bruker ulike verkemiddel for å redusere utslepp av klimagassar frå jordbruket. Fleire av verkemidla er også teken i bruk i Noreg.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 28.02.2023

Cicero Senter for klimaforskning har på oppdrag frå Miljødirektoratet gått gjennom politikk, strategiar og verkemiddel for å redusere utsleppet av klimagassar frå landbruket i seks utvalde land som er samanliknbare med Noreg: Austerrike, Sveits, Finland, Sverige, Danmark og Nederland.

Verkemiddel andre land har sett i verk for å redusere klimagassutslepp frå jordbruket

Hovudformålet var å få kunnskap om kva andre land har gjort for å kutte utslepp av klimagassar i jordbruket. Kartlegginga har vurdert verkemiddel for seks tiltak:

  • Redusere forbruk av raudt kjøt
  • Redusert matsvinn
  • Gjødseltiltak
  • Stans i nydyrking av myr
  • Restaurering av organisk jord
  • Biokol og karbonlagring i jord

Rapporten understrekar at landbruksspesifikke verkemiddel må sjåast i ein kontekst, og relevans for Noreg må difor eventuelt vurderast nærare.

Noreg og Sverige har kutta minst utslepp av klimagassar

Utsleppsreduksjonane i jordbrukssektoren varierer mellom land og rapporten viser at Noreg og Sverige er dei landa med minst reduksjon i utslepp frå jordbruket sidan 1990, medan Nederland med kutt på 28 prosent, er det landet med størst reduksjon.

Skilnader i animalsk produksjon

Animalsk produksjon er viktig i alle land og utslepp av klimagassar frå fordøyinga til drøvtyggjarar er den største kjelda til utslepp i jordbruket i dei fleste landa. Alle landa har hatt ein reduksjon i talet på storfe sidan 1990. Målretta verkemiddel for dette har vorte introdusert mellom anna i form av ei dreiing i subsidiar i Sveits og ei utkjøpsordning for husdyrprodusentar i Nederland.

Talmaterialet for kosthald er noko usikkert, men det ser ut til at Noreg ligg noko lågare enn andre land i konsum av raudt kjøt, sjølv om kostråda for maks anbefalt konsum av raudt kjøtt ligg noko høgare i Noreg og Finland enn i dei andre landa.

Fleire land har strengare regulering av gjødselbruk enn Noreg. Blant dei undersøkte landa er det berre Nederland som har høgare bruk av nitrogen per dekar enn Noreg, medan berre Sveits har høgare bruk av fosfor.

Satsing på plantebasert mat

I fleire land, mellom anna Finland, Nederland og Danmark, blir det satsa på auka produksjon av plantebasert mat. I Finland har dei ein klimastrategi for jordbruket og ein matstrategi fram mot 2030 for å mellom anna nå klima- og miljømålet deira. Forsking og utvikling av produksjonsmetodar og plantebasert mat blir nemnd som verkemiddel.

I den danske klimaavtalen med landbruket er det semje om at omlegging til ein meir plantebasert produksjon er eit sentralt element i den grøne omstillinga. Danmark har som mål å bli verdsleiande på plantebaserte matvarer og har mellom anna sett av midlar i eit fond for utvikling av plantebasert mat.

Sprikande verkemiddelbruk for karbonlagring i jord

Alle dei nordiske nabolanda våre har sterke finansielle verkemiddel retta mot restaurering av organisk jordbruksjord. Danmark har til dømes eit mål om å restaurere éin million dekar organisk jord innan 2030 og det er sett av store midlar til formålet i 2023 og 2024.

Få land har innført spesifikke verkemiddel for produksjon og bruk av biokol, men tiltaket blir stimulert gjennom støtte til tekniske tiltak, grøne investeringar og forsking.

Alle landa har sett mål for klimagassreduksjon i jordbruket

Det blir brukt eit breitt spekter av verkemiddel for å utløyse tiltaka. Det inkluderer økonomiske, skattemessige, informative, juridiske og regulatoriske verkemiddel, samt frivillige avtalar, forsking og private initiativ. Verkemidla dekkjer ofte breiare enn berre klima, spesielt for gjødseltiltak, stans i nydyrking og restaurering av myr.