Dårleg kontroll med klimagassar i anlegg på sjukeheimar

Mange kommunale og private aktørar har for dårleg kontroll med lekkasjar av sterke klimagassar frå klima-, fryse og kjøleanlegg på sjukeheimar.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 26.01.2023

Det er eitt av resultata av tilsynet Miljødirektoratet har gjort på sjukeheim i 10 kommunar. Vi kontrollera 11 kommunale, tre private og ein statleg aktør.

Det blei ført tilsyn med om kuldeanlegg med fluorhaldige klimagassar blei testa for lekkasjar ofte nok og av sertifiserte firma, om det var ført logg på anlegga, om anlegga blei etterfylte med lovleg gass, og om dei ansvarlege for anlegga kjenner til regelverket og har rutinar for å overhalda det.

Inneheld svært sterke klimagassar

Kuldemedium i dei anlegga vi kontrollerte inneheld hydrofluorkarbon (HFK), som er svært sterke fluorhaldige klimagassar (f-gasser). F-gassane står for to prosent av dei totale klimagassutsleppa i Noreg.

I dag er lekkasjar av HFK-gassar frå kuldeanlegg, luftkondisjonering og varmepumper den desidert største kjelda til utslepp av f-gasser. For å redusera og forhindra utslepp av f-gasser er det strenge kravet til kontroll av anlegg som inneheld slike gassar og til handtering av gassen. Det er krav om at firma og personell som utfører arbeid på slike anlegg er sertifiserte.

For dårleg kontroll med lekkasjar frå anlegga

Dei fleste som er ansvarleg for klima og kjøleanlegga på sjukeheimane hadde avtale med sertifiserte kuldefirma om å utføra lekkasjekontrollar, men fire av aktørane sørgt ikkje for at det blei gjort lekkasjekontrollar så ofte som regelverket krev.

Vi gjorde stikkprøver på nokre anlegg og såg at det hadde vore lekkasjar på sju av anlegga. Fleire av desse hadde gått heilt tomme for kuldemedium. Som eit døme var det leke ut 10 kg av kuldemediet R404A frå eit lite anlegg. Dette svarer til eit CO2-utslepp over eit heilt år frå 22 gjennomsnittlege personbilar som går på bensin.

Følgjer ikkje godt nok opp regelverket

Tilsynet viste at 13 av dei 15 ansvarlege aktørane ikkje hadde skriftlege rutinar for å sikra at regelverket blei følgt. Det mangla historikk på nesten alle anlegga som blei kontrollerte.

Ringverknader i kommunen

Miljødirektoratet vil følgja opp aktørane slik at dei får på plass dei nødvendige rutinane og vi vil gjennomføra fleire tilsyn med næringsbygg for å kontrollera at anlegg med f-gasser blir handtert forsvarleg. Dei kommunale aktørane har ansvar for mange sjukeheimar i kommunen sin, og vi legg til grunn at tilsynet ved kommunen fører til etterleving av regelverket hos alle sjukeheimar i kommunen.  

Gjeld truleg også andre kommunar ein dei kontrollerte

Det blei gjorde kontrollar i 10 kommunar, som er ein liten del av alle kommunar i landet.  Funna i denne aksjonen truleg er beskrivande for tilstanden også i andre kommunar. Det er viktig at kommunar skjerpar rutinane og etterlevinga sine av desse i praksis for alle kommunale bygg med kuldeanlegg.

Desse kommunane blei kontrollerte:

  • Oslo kommune
  • Drammen kommune
  • Tønsberg kommune
  • Kristiansand kommune
  • Grimstad kommune
  • Arendal kommune
  • Bergen kommune
  • Trondheim kommune
  • Malvik kommune
  • Stjørdal kommune

Last ned rapporten

Andre lenker