Høyring av omsetningskrav for biodrivstoff til sjøfart

På vegner av Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet sendt forslag til endring i produktforskrifta kapittel 3 på høyring.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 23.01.2023

Miljødirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeidd eit forslag om å innføre nytt omsetningskrav for avansert biodrivstoff for sjøfart. Biogass er ikkje omfatta av kravet.

Omsetningskravet blir foreslått å setjast til fire og seks prosent for høvesvis 2023 og 2024. Endringane er foreslått å gjelde frå 1. juli 2023.

Frist for å svare på høyringa er 20. mars 2023.

Føremålet er å redusere utslepp av klimagassar frå sjøfart ved å auke bruken av avansert biodrivstoff.

Eventuelle høyringssvar skal sendast til Miljødirektoratet via høyringssida, ikkje til postmottaket til Miljødirektoratet. Høyringssvara vil vere tilgjengelege på høyringssida og blir synlege for alle interesserte.