Høyring: Nytt unntak for farlege stoff i EE-produkt
EU har fått søknad om unntak frå regelverket som regulerer farlege kjemikaliar i elektriske og elektroniske produkt. Høyringsfrist: 25. juli 2023
EU har fått søknad om unntak frå regelverket som regulerer farlege kjemikaliar i elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) etter EU-direktiv 2011/65/EU (RoHS). Søknaden omfattar eit nytt unntak i vedlegg 1 til produktforskrifta kapittel 2A:
- 46. Kadmium og bly i plastprofilar som inneheld vunne tilbake PVC til elektriske vindauge og dører
Unntaket gjeld produkt i kategori 11, som omfattar anna elektrisk og elektronisk utstyr som ikkje blir omfatta av nokon av dei overnemnde kategoriane (1-10). Unntaket er foreslått å gjelde fram til 28. mai 2028.
Miljødirektoratet oppmodar alle aktuelle verksemder til å komme med innspel til søknaden.
Er det behov for unntak?
Det er behov for informasjon som betre klargjer om
- det er behov for unntaket
- formulering av sjølve teksten i unntaket er formålstenleg
Høyringsfrist 25. juli 2023
Miljødirektoratet ber alle som har relevant informasjon om å sende inn dette via skjema på EU-kommisjonens side. Det er også behov for innspel på om unntaka berører norsk industri og i tilfelle i kva grad.
Vi ber om at de sender ein kopi av svaret til oss til: postmottak@miljodir.no. Merk førespurnaden til oss med 2013/10356.
Her kan du laste opp skjema for kommentarar eller dokumentasjon:
Kommande endringar i 2011/65 (RoHS), skal i utgangspunktet også innførast i Noreg. Det er viktig at de som er aktørar på den norske marknaden gir innspel til EUs høyring for å kunne påverke endringsforslag.
Moglegheita for å påverke er svært avgrensa når regelverket seinare skal gjennomførast i norsk rett.