Rettleiar: Reindriftas barmarkskjøring i verneområde
Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har laga retningslinjer for behandling av søknader frå reindrifta om barmarkskøyring i verneområde.
I samarbeid med Landbruksdirektoratet har Miljødirektoratet no ferdigstilt ein rettleiar for behandling av søknader om barmarkskøyring i samband med utøving av reindrift i verneområde. Formålet er å gi informasjon og rettleiing om kva søknader om motorferdsel bør innehalde.
Målgruppa for rettleiaren er reindriftsutøvarane, distriktsstyra i reinbeitedistrikta og forvaltningsstyresmakta i verneområde.
Innhaldet i søknaden
For å sikre ein enklare søknadsprosess, er det lagt til rette for å bruke distriktsplanen som reinbeitedistriktet skal utarbeide etter reindriftslova, som grunnlag for søknad om dispensasjon for barmarkskøyring i verneområde. Det vil normalt vere formålstenleg at reineigar søkjer om dispensasjon for fleire namngitte personar samtidig.
I tillegg til krav om framlegging av ein oppdatert distriktsplan frå reindriftsutøvaren og distriktsstyret for reinbeitedistriktet, inneheld retningslinjene ei punktliste over relevant informasjon som er nødvendig for ei forsvarleg saksbehandling hos forvaltningsstyresmakta for verneområdet.
For å ta omsyn til terreng og verneformål, er det blant anna lagt opp til at faste køyretrasear i størst mogleg grad skal nyttast under køyring.
Meir effektiv søknadsprosess
Krava til innhald i søknadene, som rettleiaren oppstiller, vil danne grunnlag for å gi fleirårige dispensasjonar til reindriftsutøvarar som har behov for å køyre på barmark i verneområde. Dette vil gi ei meir føreseieleg saksbehandling for alle partar.
For å sikre at kontroll med køyringa blir mest mogleg effektiv, angir retningslinjene vidare eit krav om at løyvet blir teke med og blir lagt fram ved kontroll. Dette kravet vil gjelde både for reindriftsutøvaren sjølv og eventuelle medhjelparar reindrifta er avhengig av.
Samla sett trur vi rettleiaren vil gi ein meir forenkla og effektiv søknadsprosess , og håpet er at så mange reindriftsutøvarar som mogleg vil nytte seg at denne måten å innhente løyve frå forvaltningsstyresmakta på. Det vil framleis også vere mogleg søkje på eiga hand, direkte til verneområdestyret.