Trua artar og naturtypar – kva tiltak fungerer?

I ein ny rapport bestilt av Miljødirektoratet legg Nina fram forslag til korleis ein kan vidareutvikle overvakinga av fire prioriterte artar.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 13.03.2023

Miljøtruslane er så alvorlege at mange sterkt eller kritisk trua artar ikkje klarer seg på eiga hand, dei treng akutt hjelp, sjølv om påverknadsfaktorane stoppar opp. Auka kunnskap om effektiv varetaking av trua natur i den økosystembaserte forvaltninga er derfor avgjerande.

På oppdrag frå Miljødirektoratet om utvikling av ei overvaking av effektar av tiltak for å ta vare på trua artar og naturtypar har Norsk institutt for naturforsking (Nina) gjennomført ei kunnskapssamanstilling på aktuelle tiltak og vidareutvikling av metodikk for dei fire prioriterte artane som er omfatta av Miljødirektoratets effektovervaking: drakehovud (Dracocephalum ruyschiana), honningblom (Herminium monorchis), elvesandjeger (Cicindela maritima) og klippeblåvengje (Scolitantides orion).

Tilpassa skjøtsel og kamp mot framande artar er særleg viktig for å halde oppe kvaliteten på habitata til dei artane som blir omtalte i rapporten. I tillegg er bevaring av leveområda til artane det viktigaste tiltaket for å stanse populasjonsnedgangen som blir observert hos mange trua artar.

Rapporten frå Nina peikar dessutan på at dersom bevaringsutsetjing blir vurdert som nødvendig tiltak, er det viktig at dette skjer i kontrollerte former der ekspertar, forvaltning og grunneigarar blir inkluderte i prosessen.