Klimagassutsleppa gjekk ned 0,8 prosent i 2022
Noregs utslepp av klimagassar vart redusert med 0,8 prosent frå 2021 til 2022. Sidan 1990 har utsleppa gått ned med 4,6 prosent.
Endelege tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at utslepp av klimagassar i Noreg var på 48,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2022. Det er ein nedgang på 0,8 prosent samanlikna med førre år.
Mellom anna gjekk utsleppa frå olje og gass noko ned, sjølv om produksjonen auka.