Usortert tekstil må ha samtykke til eksport

Usortert tekstil som skal ut av Noreg, må ha samtykke til eksport frå Miljødirektoratet.

Publisert 01.12.2023

Miljødirektoratet har nyleg oppdatert rettleiaren som gjeld eksport av tekstil på sine nettsider.

Eksportørar må dokumentere innhaldet i sendinga

Miljødirektoratet stiller krav til at eksportørar av avfall skal kunne dokumentere innhaldet i ein sending av avfall for å kunne vise til at denne er i tråd med avfallskodene ein nyttar.

Det er ei kjent sak at det ikkje berre er kleder og tekstil som eignar seg for ombruk som hamnar i innsamlingsordningane for tekstil. Dette er ei utfordring i alle innsamlingssystem der det er mange brukarar, med ulik forståing av kva som skal leverast i ordningane. Dette er også vist igjen i stansa sendingar med tekstil som inneheld både elektronikk, leiker og andre ting som ikkje kan gå saman med tekstil.

Så lenge innsamla tekstil ikkje blir sortert før den blir eksportert ut av landet, vil det alltid vere ein risiko for at slike sendingar også har anna uønskt innhald. Med sortering meinast det ein kontroll av kvart plagg/tekstil.

Meir vekt på tekstil i EU

EU-kommisjonen har også nyleg varsla auka fokus på tekstil i sitt forslag til revidert avfallsrammedirektiv. Kommisjonen vil blant anna stille krav til sortering av innsamla tekstil før eksport. Det blir i tillegg stilt krav til den (anlegget) som skal sortere for å betre kunne skilje mellom kleder og tekstil som eignar seg til ombruk og tekstilavfall.

Innsamla tekstil som ikkje blir sortert før eksport, er å rekne som avfall og må følgje krava i grensekryssforordninga (EC 1013/2006).

Sikker og dokumentert behandling av tekstilavfall

Gjennom saksbehandling hos involverte myndigheiter vil all dokumentasjon bli gjennomgått og kvalitetssikra, noko som i større grad sikrar at sendingar får ei forsvarleg behandling hos godkjende anlegg i utlandet. Når tekstilavfall blir sendt som meldepliktig avfall, sikrar ein også tilstrekkeleg handtering av eventuelt anna avfall som går saman med tekstilavfallet.

Miljødirektoratet sitt inntrykk er at dei fleste tekstilinnsamlarane i Noreg er seriøse aktørar som ønskjer å følgje regelverket og som allereie nyttar godkjente sorterings- og behandlingsanlegg i Europa.