Hugs fristen for erstatning for rovviltskadar
Frist for å sende søknad om erstatning for rovviltskader på husdyr er tirsdag 1. november.
Søknader som gjeld sau skal leggjast inn i Elektronisk søknadssenter, mens søknader som gjeld andre husdyr skal sendast direkte til Statsforvalteren.
Vi ber alle søkjarar om å lese brukarrettleiing i søknadssenteret, for å sikra at all påkravd informasjon kjem med. Kontakt Statsforvaltaren om søknader som gjeld andre husdyr enn sau.
Når du fyller inn søknaden vil produsent-, gards-, bruks- og festenummer blir henta frå Landbruksregisteret basert på oppgitt organisasjonsnummer. Sone for distriktstilskot kjøtt blir henta frå NIBIOs teneste.
Du logger deg inn i søknadssenteret via ID-porten. Dette sikrar sikker identifikasjon av søkjar.
Kontakt Statsforvaltaren i fylket du har bustad i om du har spørsmål om utfylling av søknaden.
Spørsmål om søknadssenteret kan rettast til Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no eller telefon 951 23 500 (måndag - fredag kl. 10.00 - 14.00).