Nye og strengare reglar for eksport og import av avfall

25.mars vedtok Rådet for den europeiske union ny grensekryssforordning som regulerer eksport og import av avfall.

Publisert 05.04.2024

Blir gjeldande frå 2026 

Med vedtaket til Rådet betyr det at det nye regelverket vil tre i kraft mest truleg i mai 2024. Majoriteten av bestemmingane vil likevel ikkje vere gjeldande for norske eksportørar og importørar av avfall før om to år i 2026. 

Rettleiarar vil bli oppdatert 

Miljødirektoratet vil informere bransjen når rettleiarar om eksport og import av avfall blir oppdatert i tråd med ny grensekryssforordning på våre nettsider. 

Eksportforbod av visse typar avfall 

Det nye regelverket sett strengare krav til transport av avfall som ikkje kan utnyttast, der einaste alternativet er deponi eller forbrenning utan energiutnytting. Slikt avfall vil som ein hovudregel bli forbode å eksportere, med mindre eksportør kan demonstrere ovanfor myndigheitene at villkår for unntak er oppfylt. 

Nye reglar skal også sikre at EU ikkje transporterar sine avfallsutfordringar til tredjeland. Det vil derfor om to og eit halvt år bli forbode å transportere plastavfall frå EU til land som ikkje er medlem av OECD avtalen. I tillegg vil alt plastavfall eksportert frå EU til OECD land bli søknadspliktig og må ha samtykke frå myndigheitene før eksport. 

Det blir i tillegg ein generell strengare kontroll av avfallstransport ut av EU og meir plikter pålagt eksportør for å sikre og dokumentere at avfall blir behandla forsvarleg og til det beste for helse og miljø. 

Digitalisering og effektivisering av søknadsbehandling 

Den nye grensekryssforordninga skal støtte opp om den sirkulære økonomien i Europa ved å gjere det enklare å transportere avfall til ombruk og gjenvinning i EU. Dette skal det bli lagt til rette for mellom anna ved at søknader om samtykker som er like (same avfall, avsendar, mottakaranlegg og transittland) skal kunne få hurtigbehandling hjå myndigheitene. 

Det blir også utvikla eit felles digitalt EU system, som vil innehalde det meste av informasjonen om avfallsendingar frå EU. Systemet skal også innehalde informasjon om dei reine og sorterte avfallsfraksjonane som blir sendt under prosedyre for grønlista avfall, og det er eksportør si plikt å syte for at denne informasjonen er tilgjengeleg.