Fosseråsa blir fornya som Nasjonal turiststi
Fosseråsa i Geiranger, Stranda kommune i Møre og Romsdal, er no reautorisert som Nasjonal turiststi.
Fosseråsa er den første stien som vart autorisert som Nasjonal turiststi i 2019, og blir den første stien som blir reautoriseret for nye fem år.
Fosseråsa startar i Geiranger sentrum og går opp til Storsæterfossen.
Stien er godt heldt ved like og tilrettelagd med rekkverk, steinlegging og steintrapper på dei brattaste partia, noko som gjer turen tryggare og reduserer slitasje på vegetasjon og terreng.
Det er ca. 180 000 besøkjande kvart år i Fossevandringa, som er nedre del av Fosseråsa. Ein stor del av dei besøkjande er internasjonale turistar. I den øvre delen av Fosseråsa, frå Liastølen opp til Storsæterfossen, er det ca. 35 000 besøkjande årleg. Tydeleg merking og godt vedlikehald gjer det enkelt å følgje stien, sjølv for dei utan mykje turerfaring.
Berekraftig reiseliv
Dei nasjonale turiststiane er døme på berekraftig norsk reiseliv. Dei skal tole eit stort besøk av både norske og utanlandske turgåarar, utan at dette skader naturverdiane eller går ut over opplevingskvalitetane.
Gjennom eit breitt samarbeid har ein i Fosseråsa tatt gode og langsiktige val, slik at allemannsretten og opplevings- og naturkvalitetane blir varetekne. Det er lagt til rette for brei lokal verdiskaping, og det er sett fokus på tryggleiken til dei besøkjande.
I tillegg til Fosseråsa er Kjerag og Preikestolen i Lysefjorden, Trolltunga i Odda, Besseggen i Vågå og Rødøyøløva på Rødøya autorisert som Nasjonale turiststiar.
Tilskot frå ordninga Nasjonale turiststiar
I tillegg til autorisasjonsordninga, er det etablert ei tilskotsordning for Nasjonale turiststiar.
Sidan 2017 er det gjennom denne ordninga delt ut rundt ti millionar kroner årleg til ulike tiltak, med mål om å ta vare på naturverdiane i mykje besøkte naturområde.
Dei autoriserte stiane blir prioriterte i ordninga, men andre stiar med stort besøk av både norske og utanlandske turgåarar kan også søkje om tilskot.