Eit steg vidare mot utbreiingskart for artar

Ein ny rapport skildrar rammeverket for det komande heildekkjande utbreiingskartet for artar og fleire moglege vidareutviklingar.

Publisert 29.01.2024

Mangel på god kunnskap om utbreiing for artar og naturtypar er ei stor utfordring for ei kunnskapsbasert arealforvaltning. Vi veit også at heimfesta data i hovudsak kan skaffast med to tilnærmingar: a) kartlegging i felt eller b) modellering.

Ulempa med kartlegging er at det tek mykje tid og er dyrt.

Modellering er å bruke tilgjengelege data for å rekne ut sannsynleg utbreiing av ulike artar, og er difor eit kostnadseffektivt supplement.

Utvikling av heildekkjande kartprodukt for artar

NTNU, Nina og Universitetet i Bergen (UiB) fekk hausten 2023 i oppdrag frå Miljødirektoratet å utvikle metodikk og ein arbeidsflyt for leveranse av heildekkjande utbreiingskart for artar. Målet med prosjektet er at modellerte kart kan brukast direkte inn i arealforvaltning.

Heilt konkret skal prosjektet oppdatere dei heildekkjande karta over hotspott for trua artar frå 2015 som ligg ute i Naturbase, med nye data frå Norsk raudliste for artar 2021 og med betre oppløysing (enn 1x1 km2 som 2015 versjonen har). Desse karta skal seie noko om sannsynet for artsførekomstar, og gjennom andre produkt peike på område med høg artsrikdom og endringar i artsrikdom basert på venta arealendringar for fastland-Noreg. Denne rapporten skildrar status per desember 2023, i vidareutviklinga mot hovudleveransen i prosjektet som fyrst kjem i desember 2024.

Rapporten føreslår fleire moglege vidareutviklingar av forvaltningsrelevante verktøy basert på leveransane i prosjektet, mellom anna moglegheita for å lage utbreiingskart for artar i ferskvatn, eller hav og kyst, og som bidrag til naturrekneskapen.

Rapporten peiker på at det er viktig å auke tilgangen på artsdata, gjennom både auka artskartlegging og at forvaltinga som tingar av kunnskap, må ha eit høgt fokus på at artsdata må gjerast fritt tilgjengeleg i tråd med Fair-prinsippa.

Hovudleveransen frå prosjektet når det er ferdigstilt på slutten av året, vil bli gjort tilgjengelege i naturbase og økologisk grunnkart.