Ber laksefiskarar hugse fiskaravgifta

Miljødirektoratet minner laksefiskarar om å betale fiskaravgifta. Pengane går til å bevare laksestammane og leggje til rette for fiske.

Publisert 04.06.2024

Fisket etter laks, sjøaure eller sjørøye er no i gang mange stader i landet. Pengane ein betaler i fiskaravgift går mellom anna til å bevare laksebestandane, og å leggje til rette for fiske. Fiskeravgifta er på 329 kroner, og ein betaler på Miljødirektoratets nettside.

Ein må også hugse å kjøpe fiskekort frå grunneigar, og ta med gyldig kvittering for fiskaravgifta når ein skal fiske.

Fiskar ein laks, sjøaure eller sjørøye i elvar og vassdrag utan å ha betalt fiskaravgift, kan ein få eit straffegebyr på 3000 kroner. Barn og ungdom under 18 år skal ikkje betale fiskaravgift.