Høyring: Endring i grensekryssforordning for EE-avfall

Europakommisjonen ønskjer innspel til utkast til rettsakter som endrar grensekryssforordning for å innlemme nye avfallskoder for EE-avfall.

Publisert 11.06.2024

Høyringsfrist er 3. juli 2024.

Dei foreslegne endringane søker å oppfylle vedtak i Baselkonvensjonen frå 2022, der partane vart samde om å gjere alt EE-avfall meldepliktig. Endringane inneberer at eksisterande avfallskoder for EE-avfall A1180, B1110, B4030, GC010 og GC020, vil frå 1. januar 2025 bli erstatta av dei nye avfallskodene A1181 og Y49. Det betyr at frå 1. januar 2025 må all eksport av EE-avfall internt i EU og mellom EU og OECD ha samtykke til eksport. Det blir samtidig forbode å eksportere EE-avfall frå EU til land som ikkje er medlem av OECD-avtalen.

I utkast til begge rettsaktene blir det påpeika at samtykker til eksport og import av EE-avfall gitt før 1. januar 2025 med avfallskodene A1180, B1110, B4030, GC010 og GC020, vil kun vere gyldig fram til 1. januar 2026.

Det blir også vist til at eksportørar har høve til å nytte dei nye avfallskodene A1181 og Y49 før dei trer i kraft 1. januar 2025.

Lenke til høyring