EU-høyring om avfall mellom landegrenser
EU-kommisjonen ønskjer innspel til forslag om underliggande rettsakt til ny fordning for grensekryss av avfall. Høyringsfrist 28. mai 2024.
Forslaget omhandlar behandla avfall som blir sendt vidare for mellombehandling (interim) eller endeleg behandling (non-interim) frå eit anlegg til eit anna anlegg i destinasjonslandet. I slike tilfelle skal informasjon om etterbehandlinga sendast via det sentrale elektroniske systemet.
Rettsakta gir ein mal for sertifikatet som skal brukast av anlegg som utfører mellombehandling av det sendte avfallet, for å stadfesta at ein etterfølgande behandling i eit anna anlegg er gjennomført.