Biodrivstoff: Auka omsetningskrav for 2026 og 2027

Regjeringa aukar omsetningskrava for biodrivstoff for 2026 og 2027 og innførar delkrav til avansert biodrivstoff.

Publisert 08.07.2025

Regjeringa har vedteke å auke omsetningskrava for vegtrafikk, andre formål, sjøfart og luftfart. Dei vedtekne krava for 2026 og 2027 er:

  • Kravet i vegtrafikk aukar frå 19 til 20 prosent i 2026 og til 21 prosent i 2027.  
  • Kravet i andre formål aukar frå 10 til 11 prosent i 2026 og til 12 prosent i 2027.
  • Kravet i sjøfart aukar frå 6 til 7 prosent i 2026 og til 8 prosent i 2027. 
  • Kravet i luftfart aukar frå 0,5 til 2 prosent i 2026 i tråd med EU sitt omsetningskrav for luftfart.

Omsetningskrava for andre formål, sjøfart og luftfart kan framleis berre oppfyllast med vedlegg V-biodrivstoff (avansert biodrivstoff eller biodrivstoff basert på B-råstoff). Delkravet i vegtrafikk til vedlegg V-biodrivstoff aukar til høvesvis 13,5 prosent i 2026 og 14,5 prosent i 2027. Det vil framleis vere høve til å nytte konvensjonelt biodrivstoff utover delkravet i vegtrafikken og å dobbelttelje vedlegg V-biodrivstoff utover delkravet.

Regjeringa har òg vedteke å innføre eit delkrav til avansert biodrivstoff for vegtrafikk, andre formål og sjøfart. Delkravet er satt til 1 prosent i 2026 og 2 prosent i 2027. Eit delkrav til avansert biodrivstoff vil bidra til å fremje umodne produksjonsteknologiar for biodrivstoff og å forbetre den globale klimaeffekten av omsetningskrava.

Endringane er gjeldande frå 1. januar 2026.

Miljødirektoratet har rettleiing for klassifisering av råstoff til produksjon av biodrivstoff. Her kan omsettarar søke til Miljødirektoratet om rettleiing på klassifisering av råstoff som ikkje er vurdert tidlegare.