Klimaet i Arktis endrar seg i eit urovekkande tempo

Alarmerande temperaturauking i Arktis som fører til smelting av isbrear er den største bidragsytaren til aukinga i det globale havnivået.

Publisert 12.05.2025

Temperaturauke, snø- og issmelting fortset å prege Arktis, visar ny rapport. Dei nyaste klimamodellane forventer at temperaturaukinga og issmeltinga fram mot år 2100 vil gå raskare enn tidlegare antatt. 

Det er Arctic Monitoring and Assessment Programme (Amap) som har publisert rapporten. Dei overvaker, vurderer og samanstiller informasjon om forureining og klimaendringar i Arktis for å forstå korleis dette påverkar økosystem og menneske.  

Det arktiske miljøsamarbeidet under Amap, som Miljødirektoratet deltek i, gir myndigheitene i dei arktiske landa eit solid og felles kunnskapsgrunnlag om klima- og miljøutfordringane i Arktis. Kunnskapen er viktig for internasjonalt samarbeid om tiltak og løysingar på klima- og miljøutfordringane i Arktis.

Temperaturen har auka tre gonger raskare enn det globale gjennomsnittet  

Funna i den nye rapporten er alarmerande. Temperaturen i Arktis har auka tre gonger raskare enn det globale gjennomsnittet dei siste 45 åra. Temperaturar over frysepunktet vert målt langt oftare enn tidlegare, og det er ei auke i ekstreme hendingar som marine heitebølgjer og vegetasjonsbrannar.  

Arktis blir også våtare. Meir nedbør fell som regn i staden for snø. Snødekket om våren er no 27 prosent mindre enn det var på slutten av 70-tallet, og heftige nedbørsepisodar er meir vanleg enn tidlegare. 

Dei raske klimaendringane er venta å fortsetje, og aukar presset på natur og samfunn i nord. 

Smelting av isbrear i Arktis gir havnivåstiging 

Den arktiske kryosfæren har sidan 1980-talet blitt mindre. Kryosfæren er den frosne delen av jordas overfalte som omfattar snødekke, tele- og permafrost, samt isbrear, iskappar, innlandsis og sjøis.  

Issmeltinga frå isbrear i Arktis står for det meste av tapet av landis i verda frå 1979 til 2023. Arktis er dermed den største bidragsytaren til den globale havnivåstiginga, noko som også vil påvirke Noreg.  

Den raskt aukande temperaturen i Arktis gjer også at permafrosten, altså permanent frosen berggrunn og løysmassar, har blitt to-tre grader varmare sidan 1970-talet.  

Tining av permafrosten kan ha ei rekkje alvorlege konsekvensar som blant anna kan føre til øydeleggingar av infrastruktur som er viktig for lokalsamfunn og urfolk i Arktis. 

Havet blir surare 

Forsuringa av havet i Arktis går opptil fire gonger raskare enn dei andre delane av verdshava – på grunn av aukande konsentrasjon av CO2 i atmosfæren kombinert med redusert isdekke over Arktis.  

Forsuringa utfordrar både det marine økosystemet og matsikkerheita til urbefolking og kystsamfunn som er avhengige av havet.