Nytt faggrunnlag for artskartlegging
NTNU Vitskapsmuseet og Gjærevollsenteret har utarbeidd eit faggrunnlag som gir konkret rettleiing for artskartlegging.
Artskartlegging er grunnsteinen i kunnskapen om naturen. På oppdrag frå Miljødirektoratet har NTNU Vitskapsmuseet og Gjærevollsenteret utarbeidd eit faggrunnlag for artskartlegging i Noreg, som legg grunnleggjande prinsipp for design av prøvetaking og innsamling. Det gir også eit grunnlag for meir konkrete retningslinjer og instruksar for praktisk gjennomføring av artskartlegging framover.
Faggrunnlaget foreslår at det blir laga generelle rettleiarar for marine, terrestriske og limniske habitat, mens instruksar bør vere modulbaserte og tilpassast meir spesifikke behov.
Strategien til miljøforvaltninga for artskartlegging (2021–2030) set klare mål for arbeidet med artskartlegging: Meir standardiserte metodar, betre datakvalitet og bruk av teknologi som kan gi meir presise resultat.