Lær å bygge sti med greiner

Stiskulen er oppdatert med ny rettleiing i stitilrettelegging. Sjå metoden steg for steg med forklaring og video på Miljødirektoratet si nettside.

Publisert 01.07.2026

Om du har behov for å utbetre ein del av stien som er lett stigande eller bratt, kan greinsti vere eit godt alternativ i skogsterreng. Ein greinsti kanaliserer ferdsla og har eit naturleg uttrykk.

Sjå instruksjonar her, med videoar som viser korleis det blir gjort:

Bli klar til sommaren med Stiskulen

Stiskulen på Miljødirektoratet sine nettsider har rettleiing i fleire ulike teknikkar for vedlikehald og tilrettelegging av stiar – slik som tilsynsrutinar, vassrenner, gangbaner/klopper, grussti, steintrapp og meir.

Du får også råd om korleis du skal gå fram når du skal sette i gang med eit større stiprosjekt.

Stiskulen bygger på Statens naturoppsyn sine erfaringar med tilretteleggingstiltak, blant anna i verneområde. 

Utforsk Stiskulen her: