Saksbehandling av søknadar i DIWASS
Slik blir Miljødirektoratet si saksbehandling av søknadar om eksport og import av avfall mellom Noreg og EU-land.
I mai varsla Miljødirektoratet avfallsbransjen om at ny grensekryssforordning blir forseinka innlemma i EØS-avtalen og at det dermed er grensekryssforordning 1013/2006 som gjeld for avfallstransportar mellom Noreg og EU-land.
I same fagmelding stod det at norske avfallsaktørar skal ta i bruk DIWASS frå 21.mai i år og at vår saksbehandlingspraksis kom til å bli justert innanfor gjeldande regelverk, slik at den blir meir i tråd med det som følgjer av ny grensekryssforordning. Dette er for å sikre effektiv kommunikasjon og samhandling mellom Noreg og EU-land i påvente av innlemming av ny grensekryssforordning i EØS-avtalen og norsk rett.
Då nokon EU-land kan krevje at dokumentasjon i søknad refererer til det nye regelverket, vil Miljødirektoratet akseptere referansar til nytt regelverk sjølv om det er det gamle som gjeld, så lenge dei nye bestemmingane innhaldsmessig er tilsvarande dei gamle. Det same gjeld for dokumentasjon og bruk av følgjedokument (Annex VII) til grønlista avfall. Kontraktar mellom eksportør og mottakaranlegg og finansiell garanti (når Noreg er avsendarland) skal likevel ha tydeleg referanse til tilhøyrande krav i forordning 1013/2006.
Ny mal til bruk i søknadar om eksport av avfall til sluttbehandling
Miljødirektoratet har i tidlegare bransjeseminar orientert avfallsbransjen om eit pågåande arbeid vi har hatt med miljømyndigheitene i Irland og Finland for å utarbeide rettleiing for søknader om eksport av avfall til sluttbehandling internt i EU/EØS. Dette har blant anna resultert i ein bransjemal som no er klar for å delast med avfallsbransjen. Denne blir obligatorisk å fylle ut og laste opp i Diwass ved innsending av søknadar til Miljødirektoratet om grensekryssande avfallstransport til sluttbehandling. Eksport av avfall til sluttbehandling utanfor EU/EØS er forbode og dermed ikkje relevant for bruk av malen.
Vi gjer merksam på at malen kan bli gjenstand for endringar på eit seinare tidspunkt der vi ser behov for dette.