EU-høyring om ikkje-farleg avfall til ikkje-OECD-land
EU-kommisjonen foreslår utkast til delegert rettsakt tilhøyrande ny grensekryssforordning om ikkje-farleg avfall. Høyringsfristen er 16. oktober.
Den nye forordninga om grensekryss forbyr eksport av ikkje-farleg avfall til land utanfor OECD frå 21. mai 2027. Dersom slike land likevel ønskjer å importera slikt avfall, må dei varsla EU-kommisjonen og dokumentera at dei vil handtera avfallet på ein miljømessig forsvarleg måte.
Liste over godkjende land utanfor OECD
Utkastet til denne delegerte rettsakta fastset ei liste over land utanfor OECD som har løyve til å importera visse typar ikkje-farleg avfall frå EU.
Ikkje-OECD land som ikkje er inkludert på lista, vil det vere forbode å eksportera avfall til etter 21. mai 2027 under den nye grensekryssforordninga.
Høyringsfrist 16. oktober 2026
Miljødirektoratet ønskjer at eventuelle innspel frå norske aktørar til EU-kommisjonens høyring blir send i kopi til Miljødirektoratet til post@miljodir.no