Kontrollerer sal av kjemikaliar og biocid

Miljødirektoratet gjennomfører ein landsomfattande kontroll i butikkar for å sjekke at sal av kjemikaliar og biocid til forbrukarar er lovlege.

Publisert 07.09.2026 | Oppdatert 07.09.2026

Aksjonen blir gjennomført i utvalde butikkar fleire stader i heile landet som uventa tilsyn i september.

Mange kjemikaliar kan vere skadelege for menneske og miljø dersom dei ikkje blir rett handterte. Produsentar og importørar har ansvar for at kjemikaliar blir klassifiserte, blir merka og emballerte i tråd med regelverket. 

Det europeiske CLP-regelverket stiller krav til klassifisering, merking og emballering av farlege kjemikaliar, og dette gjeld også i Noreg. Somme produkt skal i tillegg ha barnesikker lukking og følbar åtvaringsmerking. Butikkaksjonen vil dreie seg om at desse krava blir følgde.

I aksjonen vil det også bli kontrollert om butikkar sel musegift til privatpersonar, etter at det kom eit forbod mot dette i sommar. Andre biocidprodukt vil også bli kontrollerte.

Butikkaksjonen er ein del av Miljødirektoratets arbeid for å verne menneske og miljø mot skadelege kjemikaliar og sikre at butikkane følgjer regelverket om kjemikaliar og biocid.  Førre landsomfattande butikkaksjon vart gjennomført i 2023.