Laksefisket vert korta ned i Sogn og Fjordane

Lite fisk i elvene gjer at Miljødirektoratet avsluttar fisket i fleire vassdrag rundt Sognefjorden og Førdefjorden 14 dagar tidlegare enn fastsett.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 16.07.2019

Vedtaket gjeld dei vassdraga der det ikkje alt ligg føre avtale om førehandsavtalte tiltak mellom lokal forvaltning og Fylkesmannen. 

– Fangstane av laks i elvene i regionen er betydeleg lågare enn dei brukar å vere. Å stanse fisket tidlegare enn varsla, er eit tiltak for å sikre nok gytefisk i elvene til hausten så vi kan nå  gytebestandsmåla, seier Line Fjellvær, fungerande avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.

Dei fleste av dei aktuelle vassdraga har hatt fisketid fram til 31. august, men laksefisket i desse vil for sesongen 2019 bli stansa 17. august.

Fangstane meir enn halverte

I det meste av landet har fangstane så langt i år vore på nivå med det dei var i perioden som ligg til grunn for den noverande fiskereguleringa, men noko lågare enn fangstane i 2016 og 2017.

Fangsttala frå vassdraga rundt Sognefjorden og Førdefjorden avvik frå resten av landet og tyder på at innsiget av villaks til desse områda kan vere avvikande lågt, og under 50 prosent av det som ligg til grunn for gjeldande regulering.

Lærdalselva og Nausta ligg vesentleg under gjennomsnittsfangsten frå tidlegare år, medan fangsten i Daleelva i Høyanger er om lag halvparten av tidlegare gjennomsnitt.

– Det er normalt ein vesentleg samvariasjon i sjøoverlevinga hos laks frå elvar i same fjordområde. Lærdalselva og Daleelva i Høyanger er dominerande elver i Sognefjorden, og låge fangsttal her indikerer dårleg innsig til heile fjorden. Tilsvarande indikerer låge fangsttal i Nausta at det er dårleg innsig til Førdefjorden, seier Line Fjellvær.

Stemmer med observasjonar

Forkortinga i fisketid i elvane rundt Sognefjorden og Førdefjorden vert gjort gjeldande ved at Miljødirektoratet fastset midlertidig forskrift om ekstraordinære reguleringstiltak.

Det er fastsett ei prosedyre som seier at ein midtvegs i fiskesesongen skal gjere opp status for fisket,  og ein kan gjere slike ekstraordinære tiltak dersom lakseinnsiget til og med veke 27 er ca. 50 prosent eller lågare samanlikna med årleg gjennomsnittsfangst for dei åra som ligg til grunn for gjeldande regulering.

Lokale observasjonar, og foreløpige fangstdata innhenta av Fylkesmannen i Vestland, støttar inntrykket av at det er dårleg innsig i enkelte område.

Fisket etter laks og sjøaure i Flåmselva og munningssonen utanfor elva vart stengt alt 26. juni på grunn av svært lågt innsig av laks og sjøaure, til liks med situasjonen dei siste åra.

Ingen ekstraordinære tiltak i sjøfisket

Det vert ikkje sett inn tiltak i sjølaksefisket i regionen.

I dei aktuelle områda i Sogn og i Fjordane er det enten ikkje opna for fiske med fastståande reiskap i sjø, eller så er fisketida fra før redusert til to veker, med to fiskedagar i veka.

Heller ikkje fisketida for sjøaure blir endra, men Miljødirektoratet understrekar i vedtaket at fiskarane må ta omsyn ved val av reiskap, fiskeområde og tidspunkt så dei unngår bifangst av laks i sjøaurefisket.

Fisket etter sjøaure i fredingssoner ved elvemunningane blir ikkje endra av dei ekstraordinære reguleringane.

Sjå også: