Kommunar med ulverevir kan søke støtte

Miljødirektoratet har opna for nye søknadar om støtte frå kommunar med ulverevir. Søknadsfristen er sett til 1. juli.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 05.06.2019

Regjeringa lanserte i 2017 ei tilskotsordning for kommunar med ulverevir. Formålet med ordninga er å medverke til konfliktdemping.

Bruken av midlane skal henge saman med belastninga det er å ha eit ulverevir innanfor kommunegrensa.

I år er det sett av 20 millionar kroner som vil verte likt fordelte mellom kommunane som sender inn søknadar som kvalifiserer før støtte.

Tiltaka som det vert søkt om pengar til må vere innanfor rammene som regjeringa har fastsett for ordninga.

Kommunane som søker må ha hatt revirhevdande ulv den siste vinteren for å vere aktuelle for støtte.

Rovdata sin bestandsrapport for ulv presentert 3. juni 2019, vert lagt til grunn for vurderinga.