Home & Cottage får straffegebyr på 275.000 kroner

Miljødirektoratet har avdekt at Home and Cottage AS har brote regelverket som skal forhindre ulovleg handel med tømmer og treprodukt.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 05.12.2022

– Miljødirektoratet ser alvorleg på at Home & Cottage hadde gjentakande avvik, etter at me har vore på tilsyn over fleire år. Me meiner at konsernleiinga i Home and Cottage ikkje tek miljøregelverket på alvor. Det er bakgrunnen for at me gir gebyret. Klagefristen har gått ut, og leiinga har godteke gebyret, seier Mathieu Veulemans, seksjonsleiar for varetilsynet.

Etter fleire tilsyn og gjentakande brot på regelverk får butikkjeda eit straffegebyr på 275 000 kroner. Miljødirektoratet har hatt tilsyn hos hovudkontoret til butikkjeda i 2019 og 2022.

Den alvorlegaste mangelen er at Home & Cottage AS ikkje har tilstrekkelege interne kontrollsystem på plass som bidreg til at treprodukta dei sel, ikkje stammar frå ulovleg hogst.

Spesifikt hadde ikkje Home & Cottage AS teke ein årleg gjennomgang av risikovurderingane, slik regelverket krev.

Alvorlege avvik møtest med strenge verkemiddel

Verksemder som importerer treprodukt frå land utanfor EU/EØS skal ha eit internkontrollsystem (såkalla ordning for tilbørleg varsemd). Dette skal sørgje for at importørar har kontroll over leverandørkjeda og kvar treprodukta kjem frå, heilt frå der hogsten skjer til når han kryssar norske grenser.

Med eit slikt system og rutinar på plass, kan importørane avdekkje og redusere risikoen for at treprodukt stammar frå  ulovleg hogget tømmer i land utanfor EU/EØS.

Mange forhold kan endre seg i leverandørkjeda og i landet der hogsten skjer. Derfor skal verksemdene ha ein årleg gjennomgang av risikovurderingane av opphavet av treprodukta og vurdere om det har skjedd eventuelle endringar i leverandørkjeda.

Avskoging er ei stor klima- og miljøutfordring

Ifølgje Interpols Environmental Security Programme blir det anslått at ulovleg hogst kan utgjere opp mot 85 prosent av avskoginga i land med mykje regnskog. 

Forskrifta om omsetning av tømmer og treprodukt med opphav utanfor Noreg tredde i kraft i 2015, og implementerer EUs tømmerforordning med tilhøyrande forordningar.