Kommunar vil satse på klimavenlege byggjeplassar

42 kommuneprosjekt får 62 millionar kroner til å kutte utslepp av klimagassar. Sjå alle Klimasats-prosjekta som får pengar av Miljødirektoratet.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 14.12.2022

– Det er stort potensial for kutt i utslepp frå bygg og anlegg, og mange kommunar tek ansvar for å leie an i utviklinga mot meir miljøvennlege bygg. Korleis sjølve byggjeplassen blir drifta, val av material og energibruken i det endelege bygget bidreg. Heile 42 kommunar får no støtte til konkrete tiltak, og dei har vist stor kreativitet og handlingsvilje i søknadene. Utsleppsfrie byggjeplassar er eit godt døme på tiltak som får støtte. Med dette bidreg kommunane både til å byggje kompetanse hos seg sjølv og i byggjenæringa, og til at det blir meir attraktivt å investere til dømes i elektriske gravemaskiner og anna utsleppsfritt utstyr, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Har utløyst meir enn 1860 prosjekt

Miljødirektoratet deler ut 62 millionar kroner til kommunar som vil kutte utslepp av klimagassar. Ti fylke får støtte i denne søkjerunden. Totalt har Miljødirektoratet tildelt 272 millionar kroner i 2022.

– Noreg har forplikta seg til å halvere klimagassutsleppa innan 2030. Me er heilt avhengig av det lokale klimaarbeidet for å redusere dei norske utsleppa. Kommunane fortel oss at Klimasats gjer det lettare å få sett klimatiltak på dagsorden lokalt og til å få gjennomført dei, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Kommunane kunne søkje om støtte til å kartleggje moglege klimatiltak i byggjeprosjekt. Dei kunne også søkje støtte til å dekkje ekstrakostnaden ved å velje klimavennlege alternativ når dei skal byggje eit bygg, ved transporttiltak eller andre innkjøp.

Miljødirektoratet har støtta meir enn 1860 prosjekt i alle fylka i landet sidan ordninga starta i 2016. I tillegg kjem 19 hurtigbåtprosjekt som supplerer den ordinære Klimasats-ordninga.

Noregs største utsleppsfrie byggjeplass

Miljødirektoratet gir 12 millionar kroner til utsleppsfri byggjeplass ved bygginga av Stovner bad. Dette er Oslo kommunes og kanskje Noregs største byggjeprosjekt med så omfattande bruk av elektriske gravemaskinar. Badet skal stå ferdig i 2025.

Miljødirektoratet har undersøkt klimaeffekt av å bruke utsleppsfrie maskinar på byggjeplassar som har fått Klimasats-støtte. Dei ser ei stor utvikling i talet på utsleppsfrie maskinar på byggjeplassane frå dei fyrste prosjekta i 2016 og fram til no.

– I snitt har byggjeplassane gått frå éi elektrisk maskin, til fire–fem maskinar per byggjeplass. Samtidig rapporterer kommunane at det framleis er vanskeleg å få tak i dei store, elektriske maskinene, då det førebels er få av dei på marknaden, seier miljødirektøren.

Reduserer utslepp av klimagassar med 38 prosent i byggjeprosessar

Tydal kommune har søkt Klimasats-støtte for første gong, og fått pengar til å kartleggje klimatiltak ved bygginga av eit felles helse- og administrasjonsbygg. Kommunen skal kartleggje moglegheitene for å ombruke bygningsmasse og inventar frå eksisterande bygg, bruke klimavenlege materiale og byggjemetodar, redusere arealbruk og finne energieffektive løysingar.

– Å kartleggje klimatiltak tidleg i byggjeprosessen er ein suksessfaktor for å byggje klimavenleg. Kartlegginga gir mykje kompetanse som kan bidra til stor klimaeffekt når kommunen startar bygginga, seier Ellen Hambro.

Ein analyse Miljødirektoratet har gjort viser at i ni av ti kartleggingar, blir klimatiltaka enten heilt eller delvis realisert i sjølve byggjeprosjektet. Kommunane anslår at klimagassutsleppa blir reduserte med 38 prosent i snitt i desse prosjekta samanlikna med byggjeprosjekt utan klimatiltak.

Delar på elektriske maskinar i skulen

Oslo kommune har fått støtte til å etablere ei deleløysing for mindre maskinar i Oslo-skulen. Kommunen eig i dag over 1900 maskinar. Vaktmeistrane til skulen skal få auka tilgang til elektriske hekksakser, grasklipparar og lauvblåsarar. Likevel får dei ikkje éin til kvar skule – men færre maskinar som skulane kan dele på. Målet er at talet på maskinar skal reduserast til det halve.

Ved å byte til elektriske maskinar og dele på færre maskinar, reknar kommunen at utsleppa vil reduserast med 50 prosent. Dette betyr ein utsleppsreduksjon på over 400 tonn CO2 per år. Kommunen estimerer at maskinane vil leve i cirka åtte år, noko som til saman vil gi ei utsleppsinnsparing på i overkant av 3000 tonn CO2.

Lenker