Ønskjer frisk villrein tilbake i Nordfjella

Mattilsynet og Miljødirektoratet har levert tilrådinga om korleis reetableringa av villreinen i Nordfjella sone 1 bør skje.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 02.12.2022

– Det har heile tida vore ein føresetnad at villrein skulle tilbake i Nordfjella sone 1. Dette er viktig for å ta vare på villreinen som nasjonal ansvarsart, og ikkje minst for identitet, kultur og jakttradisjon lokalt, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Villreinstammen i Nordfjella sone 1 vart vinteren 2017/2018 teke ut med mål om å utrydde skrantesjuke.

Mattilsynet og Miljødirektoratet har no revidert planen for korleis ein ny villreinbestand skal kunne etablerast i området.

Tilrådinga er sett i lys av ny kunnskap og funna av skrantesjuke på Hardangervidda og etter innspel frå arbeidsgruppa som har levert sine råd.

Tilrådinga vart levert til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet 2. desember.

Rein i nærområda må friskmeldast

Direktorata tilrår at Nordfjella sone 1 blir reetablert når nabobestandane er friskmelde og brakkleggingsperioden er over. Det vil seie at tidspunktet for oppstart av reetablering avheng av når villrein i Nordfjella sone 2 og Raudafjell og tamrein i Filefjell blir friskmelde, noko som tidlegast vil skje i perioden 2024-2026. I tillegg vil det ta tid å byggje opp kjeldebestanden slik at eit tilstrekkeleg tal dyr kan overførast til Nordfjella sone 1.

Det er viktig at det ikkje blir gjeninnført smitte i området. Begge direktorata meiner at fleire alternative kjeldebestandar må vurderast.

– Vi er tydelege på at dyra som skal setjast inn i Nordfjella sone 1 må komme frå ein friskmeld bestand, og at fleire alternativ må vurderast. Me er opptekne av å sikre god dyrevelferd i reetableringsprosessen og redusere belastninga på dyra som igjen skal danne villreinstammen i Nordfjella, seier Ingunn Midttun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet.

Miljødirektoratet tilrår å bruke villrein frå Nordfjella sone 2 som førsteval i reetableringa, og at dei alternative kjeldebestandane må vere regna som ville bestandar.

Ein stor del av både simler og bukkar bør merkast med GPS-sendarar for å ha kontroll på at dyra held seg i sone 1 etter innsetjing. Dyra som blir merka vil testast for skrantesjuke og om dei har gunstige gen for å vere motstandsdyktige mot skrantesjukeprion. Mattilsynet meiner at flest mogleg av alle rein som blir sett inn i Nordfjella sone 1 skal ha slike gunstige genar.

Last ned tilrådinga her:

Tilrår eigen prosjektleiar og arbeidsgruppe

Direktorata tilrår at det vidare arbeidet med reetablering blir leidd av ein ekstern prosjektleiar, og at det blir oppretta ei arbeidsgruppe i tilknyting til prosessen vidare. Lokal forvaltning vil vere ein viktig del av arbeidsgruppa.

Gruppa må få nødvendige økonomiske og faglege ressursar, og ha eit tydeleg mandat som ho jobbar innanfor. Planane i gruppa skal godkjennast av direktorata.

Innspel frå forskarar og lokal forvaltning

Innspela frå arbeidsgruppa for reetablering er tillagde stor vekt i tilrådinga til direktorata. Les tilrådinga frå arbeidsgruppa her: