Vestland får 50 millionar til utsleppskutt på sjø

Miljødirektoratet gir 50 millionar kroner til Vestland for å redusere utslepp av klimagassar frå hurtigbåtar.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 15.12.2022

–Hurtigbåtane er viktige for ferdsel i Noreg, men fossile hurtigbåtar har svært høge utslepp, faktisk høgare per passasjerkilometer enn fly. No veit vi at hurtigbåtar kan opererast med utsleppsfri teknologi. Støtta frå Miljødirektoratet til Vestland fylkeskommune tek oss eit steg vidare i klimaomstillinga av hurtigbåtane våre. Den maritime næringa står klar til å levere låg- og nullutsleppsløysingar for hurtigbåtar. Det er aukande interesse for utsleppsfri sjøtransport, både i Noreg og i utlandet, og dette viser til fulle dei næringsmoglegheitene som klimaomstillinga kan skape, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Miljødirektoratet deler ut 50 millionar kroner til utsleppskutt på to av dei største hurtigbåtsambanda i Noreg.

Hurtigbåtprogrammet er ei eiga tilskotsordning for hurtigbåtar under Klimasats-ordninga til Miljødirektoratet. Den gir viktig draghjelp i arbeidet med å redusere utslepp frå hurtigbåtar.

Ny teknologi på båtruter mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm

Vestland fylkeskommune ved Skyss har tidlegare fått støtte til å elektrifisere Askøyruta, Nordhordlandsruta og lokale båtruter i Sogn og Fjordane. No får dei 50 millionar kroner i støtte til å dekkje delar av meirkostnadene ved å kutte utslepp frå hurtigbåtar mellom båtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm.

– Det er svært spennande at to av dei største sambanda i Noreg no skal kutte store mengder klimagassar med ny teknologi. I tillegg er det gledeleg å sjå at teknologiutviklinga har kome så langt at vi om få år kan vente oss fleire nullutsleppsbåtar på sjøen, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

I båtrutene inngår to av Noregs aller største samband målt i energiforbruk. Dei to sambanda det blir søkt om har berekna CO2-utslepp på til saman rundt 20 000 tonn CO2 per år. Dette svarer omtrent til 10 000 personbilar drivne med fossilt drivstoff.

Rutene er mellom 245 og 277 kilometer lange, med ein marsjfart på rundt 32 knop.

Vil kutte minst 15 000 tonn CO2

Det er krevjande å kutte alle klimagassutsleppa på lange båtruter med dagens teknologi. Når båtrutene skal ut på anbod er det leverandørane som leverer løysingsforslaga for utsleppskutt.

Leverandørmarknaden har fortalt Skyss at rutene kan driftast med mellom 70 og 95 prosent nullutsleppsdrift. Det svarer til eit utsleppskutt på om lag 15 000 tonn CO2 per år. Utsleppskutta vert sikra gjennom eit minimumskrav, men kan bli større gjennom ein føreslått bonusmodell. Dersom ein oppnår estimert utsleppsreduksjon, vil det svare omtrent til ti prosent av samla utslepp frå hurtigbåtar per år i Noreg.

– For oss er dette er ei særs viktig tildeling, og ei solid draghjelp for at Vestland skal kunne realisere utsleppsfrie hurtigbåtar snarast råd. Vi har ambisjonane, og denne tildelinga gjev oss avgjerande viktig finansiering for å kunne realisere dei, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Bergen.

Tiltak på båtruter mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm har vore grundig greidd ut i fleire omgangar, og tiltaka er kostbare og kompliserte. Båtane er forventa å vere på vatnet i løpet av 2026.

– Vi håpar å sjå ambisiøse tilbod frå operatørane, seier miljødirektøren.

Reduserer utslepp samanlikna med dagens hurtigbåtar

Hurtigbåtprogrammet under Klimasats-ordninga skal bidra til låg- og nullutsleppshurtigbåtar i fylkeskommunane. Det er Miljødirektoratet som forvaltar ordninga.

– Klimasats påskundar utviklinga av utsleppsfri transport på sjø. For å nå klimamåla må det kuttast utslepp i alle sektorar på land og på vatn. Vi er stolte av å støtte gode prosjekt som gjer transport med hurtigbåt meir klimavenleg og som banar veg for andre, seier Ellen Hambro.

Det er i underkant av 80 hurtigbåtar i fylkeskommunal drift i Noreg. Tiltak på hurtigbåtar vart greidde ut i Klimakur 2030. Rapporten viser at potensialet for utsleppskutt totalt kan vere rundt ein halv million tonn CO2 fram mot 2030, men er avhengig av både finansiering og teknologisk utvikling.