6000 trua elvemuslingar sett ut i tre elvar

Målet er at dei vassreinsande elvemuslingane igjen skal ha livskraftige bestandar. 6000 småmuslingar frå dei opphavlege stammane er sett ut i mai.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 27.05.2022

– Elvemusling er ein nøkkelart. Den har stor evne til å reinse vatna, og bidreg med næring til botndyr i elva. Kvar musling filtrerer opptil 50 liter vatn i døgnet, og fungerer derfor som eit lite vassreinseanlegg, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Telemark, Trøndelag og Møre og Romsdal

I mai har Norsk institutt for naturforsking (NINA) på oppdrag frå Miljødirektoratet sett cirka 6000 elvemuslingar tilbake til tre vassdrag.

Elvemuslingane har vorte avla fram frå dei opphavlege stammane i elvane, ved eit kultiveringsanlegg for trua elvemuslingar på Austevoll utanfor Bergen. For tre år sidan vart det samla inn rundt 60 stammuslingar frå Skoelva i Telemark, Rugga i Møre og Romsdal og Teksdalselva i Trøndelag. No hadde muslingane komne opp i ei lengd på cirka ein halv centimeter, og var klare til å tilbakeførast vassdraga. Målet er at desse elvemuslingane, som kan leve opp til 100-150 år, skal greie å reprodusere seg i vassdraget.

Noreg har nøkkelrolle i Europa

Utsetjinga av elvemusling i dei tre vassdraga er del av Miljødirektoratets handlingsplan for elvemusling, som gjeld fram til 2028. Arten finst i rundt 400 lokalitetar i Noreg.

– Mange elvar har problem med rekrutteringa av elvemuslingar, og ei stadig forgubbing i mange vassdrag gjer at om lag ein tredel av bestandane våre står i fare for å døy ut. Formålet med utsetjingane er at alle gjenverande naturlege populasjonar skal bevarast eller styrkjast, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Elvemuslingen er i tilbakegang i heile Europa. Noreg har meir enn 25 prosent av bestandane i Europa, og har derfor eit spesielt ansvar for å verne den trua arten. Forureining, tilslamming av elvebotnen og menneskelege inngrep i vassdraga er hovudgrunnane til tilbakegangen.

– Det går allereie føre seg produksjon av småmuslingar frå andre trua bestandar til neste års utsetjingar. Det skal då tilbakeførast muslingar til fem elvar ulike stader i landet, seier Ellen Hambro.