Kommunar sine innkjøp vert grønare med statleg hjelp

Klimasats-ordninga gjer det lettare for kommunar å stille klimakrav når dei kjøper varer og tenester. Det viser ny evaluering.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 25.11.2022

– Klimasats-ordninga har bidrege til at kommunane har stilt ambisiøse klimakrav i innkjøpa sine. Grønare innkjøp har kutta både utslepp av klimagassar direkte, og bidrege til utvikling av klimavenlege produkt og tenester, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Kommunal sektor kjøpte varer og tenester for over 250 milliardar kroner i 2021. Offentlege innkjøp er anslått å ha eit klimafotavtrykk på over 11 millionar tonn CO2 i året.

På oppdrag for Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) og Miljødirektoratet, har Menon Economics evaluert prosjekt knytt til klimavenlege offentlege innkjøp som Klimasats-ordninga har støtta, og samspelet mellom støtteordninga og rettleiing frå etatane.

Klimasats gir nytte i kommunane

Klimasats, som blir forvalta av Miljødirektoratet, er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutte utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Éin av mange kategoriar av klimatiltak som ordninga har gitt pengestøtte til, er å etterspørje og kjøpe inn klimavenlege varer og tenester.

Resultata viser at kommunane har god nytte av Klimasats-støtta. DFØ tilbyr rettleiing om grøne innkjøp til kommunar og andre offentlege verksemder. Med støtte greier kommunane i større grad å nytte seg av hjelpa frå DFØ og innarbeide klimaomsyn i innkjøp.

Innkjøp for fleire hundre millionar har vorte grønare

Menon har evaluert 32 Klimasats-prosjekt som gjeld systematisk arbeid med grøne innkjøp.

Klimasats-støtta har gjort at innkjøp for minst 600 millionar kroner har vorte grønare og meir klimavenlege enn dei elles ville vore.

Rapporten konkluderer med at Klimasats-støtta fører til fleire grøne innkjøp blant tilskotsmottakarane i prosjektperioden. Klimasats bidreg også til systematisk arbeid med grøne innkjøp.

Menon skriv også at samarbeidet mellom Miljødirektoratet og DFØ har medført tydelege synergiar mellom Klimasats-ordninga og rettleiinga frå DFØ.

Krevjande å skape varig endring

Mangel på ressursar og kompetanse er viktige barrierar for mange kommunars arbeid med å stille klimakrav i innkjøp, viser rapporten. Klimasats-støtte gir kommunane høve til å skaffe seg desse ressursane, i alle fall for ein avgrensa periode.

– Å etterspørje klimavennlege løysingar krev kunnskap og merksemd i alle delar av kommunen. Denne undersøkinga viser at det er krevjande å skape varig endring. Dette er ein tendens vi har sett, og difor har vi sett tydelegare vilkår om at kommunane som får støtte, må jobbe målretta med varig rutineendring, og dokumentere kva dei gjer for å få til dette, seier Kirvil Stoltenberg, prosjektansvarleg for Klimasats i Miljødirektoratet.

Rapporten poengterer også at forankring av arbeidet i alle ledd i kommunen er viktig.

Evaluere Klimasats og samspel med DFØ

Miljødirektoratet og DFØ ville undersøkje korleis verkemidla til dei to etatane fungerer saman. Dei gav Menon Economics i oppdrag å evaluere om Klimasats-ordninga er relevant for innkjøpsarbeidet i kommunane, i kva grad ordninga bidreg til fleire grøne innkjøp og om støtta gir varig effekt på innkjøpspraksisen til kommunane.