Ny behandling mot dødeleg lakseparasitt i gang

Den andre klor- og rotenonbehandlinga mot parasitten Gyrodactylus salaris er i gang i Drivaregionen. Funn av parasitten i elva Driva skal analyserast.

Publisert 17.08.2023

Klor, som ikkje skader fisken, vart i fjor brukt til kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris  for første gong, i kombinasjon med rotenon. Det vart ikkje funne parasittar då lakseungar vart undersøkt etter behandlinga, og i vassprøver for å avdekkje DNA frå Gyrodactylus salaris  i dei behandla områda.

Parasitt-funn i Driva

Ved undersøkingar no i august vart det derimot påvist Gyrodactylus-parasittar nedanfor laksesperra i elva Driva, som vart bygd i 2017 for å stoppe smitten ved å hindre laks i å ta seg opp i elva for å gyte.

– Parasittane skal no artsbestemmast for å undersøkje om dei er den farlege arten Gyrodactylus salaris, eller ufarlege Gyrodactylus-artar. Fleire lakseungar enn forventa er smitta, men det er få parasittar på kvar. Prøvene er sendt inn til Veterinærinstituttet for sikker artsbestemming, seier Helge Bardal, som er prosjektleiar for gyronedkjempinga i Drivaregionen.

Planen at villaksen skal vende heim

Samtidig som funna no blir analyserte er det som planlagt sett i gang ny runde med klorbehandling av Driva og Litldalselva, kombinert med rotenon i elvane Usma og Batnfjordselva og dessutan i perifere område. I tillegg blir fleire små elvar og bekker i nær tilknyting til dei infiserte elvane behandla. 

Drivaregionen var truleg den første regionen i Noreg som vart smitta av Gyrodi 43 actylus salaris tilbake på 1970-talet. Behandling av vassdraga i regionen er blant dei siste gjenståande behandlingane av Gyrodactylus salaris i landet. Frå før er det gjennomført behandling i 43 av 52 smitta vassdrag. Når behandlinga i Drivaregionen er ferdig, står att Drammensregionen der det også er fire infiserte vassdrag. Kamp mot parasitten i Driva-regionen er ein stor aksjon der omtrent 120 personar deltek i arbeidet. Planen er å gjenutsette dei opphavlege lakse- og sjøaurestammane i elvane når dei er ferdigbehandla. Dette er mogleg fordi dei opphavlege stammane er tekne vare på i genbankar.

– Lokale elveeigarar og fiskeorganisasjonar har sidan vi bygde fiskesperre i Driva i 2017 gjord ein stor innsats for å bevare dei opphavlege fiskebestandane, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Forseinka av ekstremvêret

Ekstremvêret «Hans» førte til at oppstart vart litt forskoven. 

– Vi tok varsla seriøst, og fekk derfor med nokre veldig få unntak berga alt av utstyr som var rigga opp ved elvar og bekker. Ekstremvêret har nok ikkje treft oss like hardt som det har andre stader i landet, men noko utsetjing på oppstartstidspunktet har vi fått. Elles har vi god progresjon, seier Kjetil Olstad, forskar i NINA. 

På oppdrag frå Miljødirektoratet leier Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kampen mot Gyrodactylus salaris  i elvane i Drivaregionen, som blir utført av Veterinærinstituttet, Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Norsk institutt for vassforsking (NIVA).