Rekorddår for Noregs mest trua fugl

Heile 137 fuglar, inkludert 83 ungar, av den kritisk trua dverggåsa er registrert i år. Det er det beste resultatet sidan overvakinga starta i 1990.

Publisert 31.08.2023

Les saken på bokmål her.

83 nye dverggåsungar er ein stor kontrast til tidlegare år, med berre 1 unge i 2020, 4 ungar i 2021 og 7 i fjor.

– Dette er ei fantastisk nyheit, som både overraskar og gler stort etter mange tiår med låg ungeproduksjon. I år har den kritisk trua dverggåsa hatt eit historisk hekkeår, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Dramatisk nedgang

Dverggåsa var ein vanleg fugleart i Nord-Noreg fram til midten av førre hundreår, med ein hekkebestand på rundt 10 000 individ. Seinare følgde ein dramatisk tilbakegang, som følgje av massiv jakt, både i Noreg og langs trekkrutene.

– Dverggåsa er i dag kritisk trua. I perioden frå 2000-2023 har det berre vore 20-35 par, og alle held til i eitt lite hekkeområde i Finnmark. Sidan dette er det einaste gjenverande hekkeområdet i Europa, har vi i Noreg eit spesielt ansvar for å ta vare på denne bestanden, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Dverggås er ein prioritert art etter naturmangfaldslova. Les meir om prioriterte artar her:

På oppdrag frå Miljødirektoratet starta Birdlife Noreg overvaking av den utryddingstrua arten i 1990. Dverggjæsene blir overvakte i vinterområda sine i Hellas, langs den vestlege trekkruta og i Noreg, både på rasteområde og i det gjenverande hekkeområdet.

Her er tall fra overvakinga sidan 2010:

Har avgrensa ulovleg jakt

Dei positive tala fører til entusiasme blant forskarar, styresmakter og frivillige som har lagt ned ein solid innsats i overvakings- og vernearbeidet langs heile trekkruta, frå Noreg, via Finland, Estland, Ungarn og til Hellas der dverggåsa held til om vinteren.

– Gjennom eit felles EU-program meiner vi at vi no kan å sjå resultata av mange års hardt arbeid for å avgrense den ulovlege jakta på dverggåsa og dermed auke overlevinga hos dei vaksne fuglane, seier Hambro.

Sidan fjelløkosystemet, som dverggåsa er ein del av, blir påverka av klimaendringane, kan dverggåsa få dårlegare vilkår i åra som kjem. Når vintrane bli meir snøfattige og vi får meir is på bakken, får vi færre smågnagarar, som igjen fører til at raudrev og anna rovvilt et egg og ungar av dverggåsa. I år var det spenning knytt til om det gode smågnagaråret ville gi resultat for dverggåsa, og det har vist seg å stemme.

Godt internasjonalt samarbeid

Viss dei vaksne dverggjæsene mislykkast i hekkinga, vil desse dra austover til Sibir i Russland og vidare sørover på ein langt meir riskofylt rute, der dei er utsette for jakt og andre forstyrringar.

Det er derfor viktig at hekkeområdet blir verna mot ulike forstyrringar gjennom hekkinga på sommaren, slik at dverggåsa får vere ifred. I Noreg bidreg Statens naturoppsyn (SNO) med å fjerne raudrev i hekkeområdet.

– I dag er overvintringsområda og den vestlege trekkruta, som dverggjæsene vil nytte ned til Hellas når dei har lykkast med ungeproduksjonen, relativt godt beskytta. Dette er eit resultat av langsiktige tiltak og eit godt samarbeid langs heile trekkruta. No kan vi gle oss over eitt svært velkomme, godt hekkeår med god rekruttering av ungfuglar, seier Ingar J. Øien, fagsjef i BirdLife Noreg.

Les meir om dverggås i Noreg her: