Alarmerande høge metan-konsentrasjonar i atmosfæren

Kraftig auke av metan i atmosfæren dei siste åra gir behov for djupare kutt i utslepp av andre klimagassar, skal vi oppnå måla i Parisavtalen.

Publisert 14.12.2023

– Auken av metan i atmosfæren set oppnåing av klimamåla i Parisavtalen i fare. Utviklinga er skremmande fordi metan er ein kraftig klimagass. Desto større konsentrasjonar av metan i atmosfæren, desto meir og djupare må vi kutte i dei andre klimagassane, som CO2 og lystgass, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.  

Måler klimagassar og partiklar

På oppdrag frå Miljødirektoratet måler klima- og miljøinstituttet Nilu konsentrasjonen av klimagassar og partiklar i atmosfæren. Funna samlast i ein årleg rapport.

Målingane skjer på Zeppelinobservatoriet på Svalbard og Birkenesobservatoriet i Agder. Desse målestasjonane inngår i eit omfattande globalt nettverk av tilsvarande målestasjonar i ulike delar av verda.

Dei samla målingane fortel korleis klimagassutslepp frå alle land akkumulerer i atmosfæren. Til saman bidreg dei med heilt avgjerande data for klimaforskarane, og som grunnlag for internasjonalt samarbeid om utsleppsreduksjonar.  

Klimagassane i atmosfæren dannar eit stadig tjukkare "teppe" rundt planeten vår som hindrar varmeutstråling. Dermed aukar temperaturen på jorda.  

Skyhøgt nivå av metan over Noreg 

Aldri har det vore målt høgare gjennomsnittskonsentrasjonar av metan på dei to stasjonane. I 2022 auka konsentrasjonen på Zeppelin med rekordhøge 17,6 ppb (parts per billion, milliarddelar) til eit årleg gjennomsnitt på 1999,6 ppb.

I 2022 observerte målestasjonen på Birkenes den nest høgaste auken nokosinne, med ein auke på 13,8 ppb, til eit årleg gjennomsnitt på 2005,5 ppb. 

– Parisavtalen har som mål å halde den globale oppvarminga under 2 grader, helst 1,5 grader. Vi er allereie på 1,1 grader oppvarming og nærmar oss veldig raskt 1,5 grader. Metan har ein sterk varmeeffekt på kort sikt. Vi treng å snu metankurva for raskt å avgrense den globale oppvarminga, seier miljødirektør Ellen Hambro. 

Utslepp frå tropiske våtmarker 

Sidan 2007 har konsentrasjonen av metan nådd rekordhøge nivå både i atmosfæren over Noreg og globalt. Det har vore knytt stor uvisse til kva som er årsaka eller årsakene til denne kraftige auken, men ny forsking og kontinuerleg overvaking kan stadig fortelje oss meir.  

Hovudårsaka til den kraftige auken i metan er relatert til auka mikrobiotisk aktivitet  i tropiske våtmarksområde, ifølgje den nye klimagassrapporten frå Nilu. Mikrobiota er mikroskopiske organismar som lever i luft, vatn og på land, og våtmark er ein naturtype som omfattar område som myrar, grunne tjern og innsjøar, delta og sumpmarker.  

– At hovudkjelda til metanauken det siste tiåret er utslepp frå tropisk våtmark, er spesielt urovekkjande fordi det er vanskelegare å gjere noko med naturlege utsleppskjelder enn dei menneskeskapte, seier seniorforskar Stephen Matthew Platt i Nilu. 

Sjølvforsterkande klimaendringar i våtmark 

Metanutslepp frå våtmark kan gi forsterkande tilbakekoplingsmekanismar. Det vil seie at ei endring i klimasystemet medfører ei anna endring som igjen forsterkar den opphavlege endringa – ein slags dominoeffekt. 

Auka nedbørsmengder som følgje av klimaendringar kan utvide områda med våtmark, noko som igjen aukar omfanget av mikrobiotisk aktivitet , og dermed auka metanutslepp. Forskarar antek også at varmare temperaturar kan auke den mikrobiotiske aktiviteten  i våtmark, noko som også fører til auka metanutslepp. 

Det er også bekymring knytt til tinande permafrost ved høgare breiddegrader. Jo høgare temperaturar, jo meir tiner permafrosten, og jo meir blir utvida våtmarka. Og jo meir våtmark og medfølgjande mikrobiotisk aktivitet, jo meir metanutslepp.

Tining av permafrost kan også føre til at metan som har vore fanga i frosten slepper ut til atmosfæren.  

Nord Stream-lekkasjen: Stort utslepp, lite i klimasamanheng  

26. september 2022 kom nyheita om at det hadde vore ein sabotasje av naturgassrøyra Nord Stream 1 og 2 i Austersjøen. Metangass byrja umiddelbart å leke ut av gassrøyra, og pipla opp mot havoverflata nær svenskekysten og øya Bornholm i Danmark.  

– Målingar frå Birkenesobservatoriet i Agder fanga opp signala frå lekkasjen den etterfølgjande dagen, og aldri før har det vorte registrert så høge konsentrasjonar av metan ved denne målestasjonen. Metanverdiane var faktisk så høge at målingane først vart flagga som feilaktige i systemet, men dei viste seg å vere rette, seier Stephen Matthew Platt i Nilu.  

Nilu har estimert metanutsleppet til atmosfæren frå Nord Stream til minst 150 000 tonn. Med dette utgjer lekkasjen truleg det største enkeltståande metanutsleppet i verda som nokon gong har vorte observert. 

Metanutsleppet i Austersjøen var isolert sett stort, men lite i eit klimaperspektiv. Metanutsleppet frå Nord Stream utgjorde berre 0,01-0,03 prosent av dei globale årlege menneskeskapte metanutsleppa. Til samanlikning er dei menneskeskapte globale utsleppa av metan frå landbruk åleine på omtrent 560 000 tonn, og utslepp frå naturlege prosessar i våtmark på om lag 400 000, dagleg.  

– Dette illustrerer omfanget av metanutslepp på global skala frå andre kjelder, seier seniorforskar Stephen Matthew Platt i Nilu. 

Kan setje oppnåing av Parisavtalen i fare 

Den kraftige auken i metan dei siste åra er dårleg nytt for arbeidet med å avgrense dei skadelege verknadene av global oppvarming og framleis nå måla i Parisavtalen.  

Vi kan likevel dra nytte av den relativt korte levetida til metan i atmosfæren. Over hundre land har inngått  "det såkalla "metanløftet" om å redusere dei menneskeskapte metanutsleppa med 30 prosent innan 2030, samanlikna med 2020-nivå. Viss løfta blir overhalde kan det ha fordelar for klima på kort sikt, og spele ei svært viktig rolle i å dempe den globale temperaturstigninga. 

– Sidan vi i lita grad ikkje kan kontrollere dei naturlege utsleppsprosessane av metan, som til dømes frå våtmark og tining av permafrost, trengst omfattande tiltak for å redusere dei menneskeskapte klimautsleppa. Verda må kutte utslepp frå både metan og CO2. Kvart tonn tel, poengterer miljødirektør Ellen Hambro.