Dårleg vassmiljø i 30 av 33 innsjøar på Hadeland

30 av 33 innsjøar og fem undersøkte elvar på Hadeland har for dårleg miljøtilstand. Dette påverkar også Oslofjorden negativt.

Publisert 01.12.2023

–  For å redde vassmiljøet i dei mange viktige innsjøane og elvane på Hadeland, trengst omfattande og raske tiltak, som reduserer utslepp av fosfor og nitrogen frå avløp og jordbruk, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Meir enn eit lokalt problem

Ein rapport Miljødirektoratet har finansiert viser at berre tre av 33 innsjøar og ingen av dei fem undersøkte elvane på Hadeland har god nok miljøtilstand. Elvane og innsjøane i rapporten ligg i kommunane Gran, Lunner og Jevnaker, og renn ut i Noregs fjerde største innsjø Randsfjorden. Dei to innsjøane Øvre og Nedre Falangtjern har oppblomstringar av cyanobakterier, også kalla blågrønalgar, som kan utvikle gift. Gifta er potensielt farleg for dyr og menneske, og kan skade levra eller nervesystemet.

–  I tillegg til at forureininga frå avløp og jordbruk skaper store miljøproblem lokalt på Hadeland, hamnar tilførslene av fosfor og nitrogen til slutt i den overbelasta Oslofjorden, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Rammer sårbare kalksjøar

Hadeland er blant dei områda i Noreg som har størst utfordringar med altfor høge tilførsler av næringsstoffa fosfor og nitrogen frå avløp og jordbruk. Dei tre kommunane på Hadeland er også blant 118 kommunar som bidreg til å forureine Oslofjorden. Som eit ledd i arbeidet til regjeringa med å redde vassmiljøet i og rundt Oslofjorden har NIBIO og NIVA utarbeidd rapporten om vassmiljøet på Hadeland. Dei har vurdert miljøtilstand, årsaker og nødvendige tiltak innan avløp og jordbruk.

Rapporten viser at innhaldet av nitrogen er for høgt i 30 av 33 innsjøar, og i alle fem elvane. Fosfor er det for mykje av i 27 av 33 innsjøar. Det har ført til at innsjøane har store mengder av algar om sommaren, som øydelegg leveområda for fisk og anna liv. Mange av innsjøane på Hadeland er sjeldne kalksjøar, som regjeringa har bestemt at vi skal ta ekstra godt vare på.

– I kalksjøane bur det trua artar av husbyggjande sniglar , krepsdyr, insekt, plantar og kransalgar, som toler lite tilførsel av ekstra næringsstoff. Derfor er det ekstra viktig å redusere tilførselen av desse næringsstoffa frå jordbruk og avløp for å ta vare på livet i kalksjøane, seier Ellen Hambro.

Mindre haustpløying og gjødsling

Ifølgje rapporten er det framleis ein for stor del av kornåkrane på Hadeland som blir pløgde om hausten. Det gjer at det manglar vegetasjonsdekke som kan hindre at fosfor, nitrogen og jordpartiklar renn frå jordene og gjer skade i elvar og innsjøar. Statsforvaltarane jobbar no med å innføre regionale miljøkrav for å redusere haustpløyinga i Hadelandsområdet.

Rapporten viser at det også er svært viktig å redusere det altfor høge fosforinnhaldet i jorda. Derfor bør bøndene gjødsle med mindre fosfor enn det plantane tek opp.

–  Ei innstramming av gjødsellovverket som regjeringa har varsla kan føre til at bøndene bruker mindre fosfor i gjødslinga, noko som er heilt nødvendig for å redde miljøet i elvar og innsjøar, seier Hambro.

Avløp frå bustader må reinsast 

Nesten 3300 bustader på Hadeland har private avløpsanlegg. Berre 10 prosent av desse tilfredsstiller reinsekrava. Det er også utfordringar med at ureinsa avløpsvatn lekker frå det kommunale leidningsnettet.

–  Vi forventar at kommunane følgjer opp dei rundt 3000 bustadene på Hadeland som i dag ikkje oppfyller krava. I tillegg må kommunane halde ved like avløpsnettet sitt betre, seier Ellen Hambro.

Dei tre kommunane på Hadeland deltek i eit interkommunalt samarbeid i vassområdet Randsfjorden, som fekk tildelt midlar frå Miljødirektoratet for å få NIBIO og NIVA til å utarbeide rapporten.