Kostnader og alternativ til kunstgrasbanar

På oppdrag frå Miljødirektoratet har Oslo Economics vurdert kostnader og erfaringar ved etablering av kunstgrasbanar utan gummigranulat.

Publisert 07.12.2023 | Oppdatert 07.12.2023

Rapporten gir ei oversikt over kunstgrasbanar i Noreg som vil vere modne for utskifting innan 2031. Det er då EU-forbodet mot omsetning av plasthaldig løyst fyllmateriale til bruk i kunstgrasbanar trer i kraft. Forbodet vil omfatte mellom anna gummigranulat som i dag er det mest brukte fyllmaterialet på kunstgrasbanar i Noreg.

Det er rekna med at bruk av gummigranulat og slitasje på kunstgras og fallunderlag fører til eit årleg utslepp av mikroplast i miljøet på omtrent 6 000 tonn. EU-forbodet vil innebere at omsetning  av gummigranulat ikkje lenger blir tillaten og dermed vil det vere behov for å finne alternative fyllmateriale  utan plast.  

Basert på oversikta frå Norges Fotballforbund er det 1572 kunstgrasbanar som er modne for utskifting frå no og fram til 2031. Gjennomsnittleg levetid for ein slik bane er i dag 12 år.

Ulike erfaringar med fyllmateriale utan plast

Erfaringane til utøvarane med alternativ til gummigranulat varierer.

Brukarerfaringar viser at kunstgrasbanar med dekkje av høg kvalitet, det vil seie høg tettleik på plastfibrane ("graset") i kunstgraset, stort sett opplevast som svært gode.

Generelt er brukarerfaringar gode for kunstgrasbanar der kork/kokos og andre mjuke materiale er nytta som fyll. Denne typen fyll frys likevel lett og er derfor ikkje like eigna for vinterdrift.   Olivenkjernar som fyllmateriale er godt eigna for heilårsdrift.

I tillegg til kork/kokos og olivenkjernar, finst det alternativ på marknaden med berre sand som fyllmateriale. Det finns også berre nokre få banar i Noreg som har teke i bruk trefiber og banar der ingen fyllmateriale blir brukte ("nonfill").

Høgare kvalitet er billigare i lengda

Kunstgrasbanar med alternativ til plasthaldig fyll har generelt høgare investeringskostnader slik marknaden er i dag. Alle bidragsytarar til rapporten påpeikar at kostnaden for ein kunstgrasbane varierer mykje for alle fyllmateriale, og avheng av kvalitet og oppbygging av banen. Høgare kvalitet ser likevel ut til å lønne seg i lengda. 

Rapporten har også eit oppdatert anslag over kor mykje det vil koste å gjennomføre dei gjeldande nasjonale krava under kapittelet til forureiningsforskrifta 23A.

I Noreg gjeld i dag nasjonale reglar for utforming og drift av kunstgrasbanar og andre idrettsbanar der det blir brukt gummigranulat eller anna plasthaldig fyllmateriale. Eit hovudkrav er at det må etablerast ein fysisk barriere rundt banen for å hindre at gummigranulat spreier seg utanfor banane.

Desse tiltaka vil koste ein stad mellom 300 000 kroner og 1,5 millionar kroner, pr bane avhengig av kva løysingar som blir valde. Fysiske barrierar rundt kunstgrasbanane er den største enkeltkostnaden – han varierer frå under 100 000 til over 1 million kroner, og val av materiale er mest utslagsgivande for kor mykje det vil koste. 

Oslo Economics  har i arbeidet med rapporten gått gjennom fleire sentrale rapportar og intervjua ulike aktørar, blant dei 18 kommunar og idrettslag, og det norske og danske fotballforbundet.