Blyhagl-forbod trer no i kraft

Frå 15. februar 2023 er blyhagl forbode på jakt i og ved våtmark. I praksis må jegerar no bruke annan ammunisjon i så godt som alle jaktsituasjonar.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 15.02.2023

Les nyheitssaken på bokmål her.

– Sidan det er vanskeleg å vere sikker på om du er meir enn 100 meter frå våtmark til kvar tid, betyr forbodet at jegerar normalt ikkje kan bruke blyhagl på jakt i skog og fjell heller, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Dagens forbod mot bruk av blyhagl, med unntak for enkelte artar, blir no erstatta av eit forbod mot å bruke blyhagl i og nær våtmark, uansett kva art du jaktar på.

Forbodet trer i kraft 15. februar 2023. Bakgrunnen for regelendringa er at EU har vedtatt eit forbod mot bruk av blyhagl i, og nærare enn 100 meter frå, våtmark.

I denne samanhengen blir våtmark definert breiare enn det vi vanlegvis tenkjer på når vi snakkar om våtmark. Dette gjer at det i praksis er forboden å nytte blyhagl til skog- og fjelljakt, sjøfugljakt i område med grunn sjø, og alle former for jakt der jegeren er i rørsle.

Det er forskrift om utøving av jakt, felling og fangst som no blir endra. Reglane blir dei same i Noreg som i resten av EU/EØS-området.

Blyforbodet gjeld all jakt i våtmark

Forbodet gjeld både det å skyte med, og det å bere med seg blyhagl i eller innanfor 100 meter frå våtmark. Det gjeld både for jakt og på skytebanar. 

Ein person som ber med seg blyhagl i våtmark eller innanfor 100 meter frå våtmark, må sjølv dokumentere at hen ikkje skal skyte med blyhagl i våtmark.

Om vinteren vil det vere kva slags mark som ligg under snøen som avgjer om han blir definert som våtmark. Ved jakt om vinteren vil det derfor vere umogleg å jakte lovleg med blyhagl, då jegeren ikkje vil ha kontroll på om hen jaktar i eller nærare våtmark enn 100 meter.

Les meir om reglar for våpen og ammunisjon på jakt: 

Eit nødvendig tiltak for å unngå skadeverknader

Bly har mange alvorlege helseeffektar for menneske og dyr.

– Basert på det vi veit om skadeverknadene av bly, er det rett at blyammunisjon blir strengare regulert. Bly er svært helseskadeleg og det finst ingen trygg nedre grense for blyverdiar i blodet, seier miljødirektør Ellen Hambro. 

Ifølgje det europeiske kjemikaliebyrået Echa, blir det sleppt ut store mengder bly i og utanfor våtmark i EU, som følgje av jakt. I tillegg blir brukt mellom 10 og 20 tusen tonn bly til sportsskyting årleg.

Mellom to og tre millionar fuglar i EU døyr kvart år som følgje av blyforgifting etter inntak av bly. For ein liten andefugl kan eitt enkelt blyhagl vere dødeleg.

Les meir om blyforureining i Noreg på Miljøstatus:

Har varsla importørar

Sidan det nye forbodet vil føre til auka behov for blyfri hagleammunisjon, blei alle importørar av ammunisjon varsla om den kommande forskriftsendringa i mars 2022.

Målet var å gi importørane tid til å endre bestillingane sine av ammunisjon før forbodet tredde i kraft. Det vanlegaste alternativet til bly i hagleammunisjon er stål og vismut.