Hamnespy kan spreie seg heilt til Svalbard

Ny risikovurdering viser at hamnespy framleis må nedkjempast med tiltak i småbåthamner, overvaking av spreiing og reingjering av større skip.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 17.02.2023

– Den største risikoen for at hamnespy skal spreie seg vidare er som påvekst på skip, boreriggar og andre fartøy. Hamnespy kan også overleve ved lågare temperaturar, noko som medfører at arten har potensiale til å kunne kolonisere heile norskekysten, heilt til Svalbard, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Hamnespy er ein invaderande, framand art som stammar frå det vestlege Stillehavet. Den har eit stort potensial til å utkonkurrere andre artar ved å gro over desse, og dermed redusere deira leveområde og vekstmoglegheiter. I tillegg kan den framande arten true næringsinteresser langs kysten, slik som oppdrettsnæringa. Det viser ein ny rapport, som Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) har laga på oppdrag frå Miljødirektoratet.

– Bremse og hindre spreiinga

Etter at hamnespy dei siste åra er oppdaga i fem hamner på Vestlandet, har Miljødirektoratet sett i gang fleire strakstiltak for å hindre ho i å spreie seg vidare. Blant anna har småbåteigarar blitt oppmoda til å jamleg sjekke båtane sine for hamnespy, og reingjere både båt og reiskapar. Det er informert om nødvendige tiltak i ei rekkje utvalde småbåthamner. I samarbeid med Havforskingsinstituttet starta direktoratet for over eit år sidan omfattande kartlegging og overvaking av hamnespy. Den nye rapporten understrekar behovet for å halde fram med desse tiltaka.

– Sjølv om det er svært usannsynleg at hamnespy kan utryddast frå norske farvatn, viser rapporten at tiltak mot hamnespy er viktige for å bremse utviklinga og hindre at ho spreier seg til nye område, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Hindre nye innførslar

Vitskapskomiteen skriv i rapporten at det er viktig å overvake arten i område med sårbar natur, i utvalde hamneområde, småbåthamner og i område med mykje oppdrettsverksemd. På lengre sikt blir det viktigaste ifølgje rapporten å hindre nye innførslar av hamnespy til norskekysten med internasjonal skipstrafikk.

– Den jobben som allereie går føre seg for å hindre hamnespy i å spreie seg skaffar oss tid til å få på plass meir omfattande tiltak overfor større skipstrafikk, seier Ellen Hambro.

Det må skje gjennom samarbeid med andre land ved å stille krav som hindrar begroing på skip. Tiltak som blir sett inn mot hamnespy vil også kunne bidra til å hindre andre framande artar, som enno ikkje har komme til Noreg, i å etablere seg her.

Problem for oppdrettsnæringa

I rapporten er det også vurdert risikoen som hamnespy utgjer for oppdrettsnæringa i Noreg. Viss hamnespy etablerer seg på merdane kan det hindre vanngjennomstrømning og oksygentilførsel til fisken. Det må i tilfelle gjerast tiltak enten i form av auka bruk av antibegroingsmidler, eller gjennom vasking med oppsamling, ifølgje rapporten.