Våtmarkene kjem tilbake – 31 myrområde reparert i 2022

Verdas våtmarksdag 2. februar: 31 øydelagde myrområde vart restaurerte i 2022. Til saman 71 km dreneringsgrøfter vart tetta.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 02.02.2023

Les saken på bokmål her.

– Myrane våre er klimaheltar som lagrar enorme mengder karbon, og dei er heim til over 500 artar på raudlista. Myr og anna våtmark er utruleg viktig å ta vare på, og dei øydelagde myrområda som kan restaurerast, bør restaurerast, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

2. februar er verdas våtmarksdag. Dagen markerer signeringa av Ramsarkonvensjonen, den internasjonale avtalen om å ta vare på viktige våtmarksområde. Årets tema for våtmarksdagen er restaurering.

Har restaurert myrar i åtte år

I Noreg restaurerer vi ulike typar våtmarker, blant anna bekke- og elveløp, sumpskogar og ikkje minst myr.

Sidan vi starta å restaurere myr i Noreg i 2015, har miljøforvaltninga restaurert 139 myrar og tetta 365 km med grøfter – omtrent like langt som strekninga Oslo - Dovre.

Gamle grøfter drenerer vatnet bort frå myra, og ved å tette dei med demningar av torvmassar får myra tilbake evna til å halde på vatna. Torvmosar, insekt og fuglar vender tilbake, og karbonet som ligg lagra i torva, får liggje trygt der det har lege i tusenvis av år.

Det er kunnige entreprenørar i gravemaskin som utfører jobben.

Ambisiøse internasjonale mål om restaurering

I desember 2022 fekk verda ein ny naturavtale. Eit av måla i avtalen er å restaurere 30 % av øydelagt natur.

– Dette er eit svært ambisiøst mål. No skal vi finne ut kva dette betyr for det norske restaureringsarbeidet, men det er openbert at vi må brette opp ermane og restaurere endå meir natur enn det vi gjer i dag. Då må også fleire enn miljøforvaltninga bidra, seier miljødirektør Hambro.

Forventar endå meir restaurering i 2023

I Statsbudsjettet for 2023 er det sett av i overkant av 60 millionar kroner til naturrestaurering på land.

Miljødirektoratet jobbar no med å fordele desse millionane til restaureringsprosjekt i regi av statsforvaltarar og nasjonalparkstyre rundt om i landet.

– Vi ser at det er ei stor interesse for å restaurere natur, og det er ny rekord i talet på tiltak som skal skje i regi av statsforvaltarane i 2023, seier Hambro.

Arrangerer konferanse om restaurering

Miljødirektoratet vil i samarbeid med NINA arrangere Naturrestaureringskonferansen 30.-31. oktober 2023.

Her skal forskarar, forvaltarar og praktikarar samlast for å dele den nyaste kunnskapen innanfor fagfeltet og for å utveksle praktiske erfaringar frå konkrete tiltak som blir gjennomførte rundt omkring i Noreg.