Besseggen er ny Nasjonal turiststi

Miljødirektoratet har no autorisert Besseggen som den femte Nasjonale turiststien.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 09.01.2023

– Det er ei glede å nå autorisere Besseggen som Nasjonal turiststi, eit turmål med svært lange tradisjonar. Besseggen er av dei mest ikoniske naturattraksjonane i Noreg, og har også blitt veldig populær blant internasjonalt besøkjande. Dei store opplevingskvalitetane gjer det lett å forstå kvifor Besseggen har ein slik posisjon i den norske friluftslivstradisjonen og fjellturismen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet. 

Besseggen blir den femte autoriserte stien. Frå før er Fosseråsa i Geiranger, Kjerag og Preikestolen i Lysefjorden og Trolltunga i Odda autoriserte.  

– Det er flott at vi no har fått ein ny Nasjonal turiststi. Dei nasjonale turiststiane bidrar til at dei mest brukte turstiane våre er trygge og at dei framleis er attraktive, sjølv med mykje besøk. Gjennom Nasjonale turiststiar unngår vi at det blir for mykje slitasje og forsøpling som går ut over naturmangfaldet og opplevinga av å vere i naturen. Til dømes skal vi leggje til rette stiane slik at slitasjen blir minst mogleg og slik at sårbare område blir unngått. Det har dessutan vist seg at ulykker og skadar blir reduserte når ein stad blir ein Nasjonal turiststi, på grunn av meir informasjon, betre tilrettelegging og etablering av fjellvaktteneste, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.   

Nasjonalt ikon 

Det er eit omfattande kriteriesett som skal oppfyllast for å kunne bli autorisert som Nasjonal turiststi. Søknaden viser at det gjennom lang tid har vore jobba systematisk og godt med forvaltning av Besseggen både med verne- og opplevingsverdiane, som er ein del av Jotunheimen nasjonalpark.  

Besseggen har vore eit populært turmål i lange tider. Med forankringa si i norsk mytologi og kulturhistorie har Besseggen stor historisk betydning for fjellturismen. Turen går mellom Memurubu og Gjendesheim aust i Jotunheimen nasjonalpark. Dei fleste av dei årleg opptil 60 000 besøkjande tar båten til Memurubu og går tilbake til Gjendesheim. Stien har nokre bratte parti og delar av sjølve Besseggen er bratt, smal og luftig. Med ei total stigning på 1100 meter og nesten 14 km er det ein krevjande tur som mange bruker åtte til ti timar på. Påskjønninga er derimot stor med utsikt ned i det blågrøne Gjende, innover i Jotunheimen og andre mektige fjellmassiv i alle retningar. 

Viktig med samarbeid 

Dei nasjonale turiststiane skal vere gode døme i eit berekraftig norsk reiseliv. Dette er stiar med stor attraksjonskraft, svært mange besøkjande og stor del internasjonale gjester. Heilskapleg og langsiktig planlegging og breitt samarbeid er noko av det som kjenneteiknar stiane som er autoriserte som Nasjonal turiststi.  

Gode prosessar i forkant av ein søknad om autorisasjon som Nasjonal turiststi er viktig. Gjennom besøksforvaltning blir sikra gode og langsiktige val, slik at allemannsretten, opplevings- og naturkvalitetane blir varetatte, det blir lagt til rette for brei lokal verdiskaping, samtidig som tryggleiken til dei besøkjande blir varetatte.

– Vi vil rose at det er etablert eit godt samarbeid med lokalt næringsliv, kommune og nasjonalparkforvaltning. Med slikt samarbeid sikrar vi både at verneverdiane i nasjonalparken blir varetatt, samtidig som det blir lagt til rette for brei lokal verdiskaping og gode turopplevingar for dei besøkjande, seier Ellen Hambro. 

I tillegg til autorisasjonsordninga, er det etablert ei tilskotsordning for Nasjonale turiststiar. Det er sidan oppstarten i 2017 delt ut rundt ti millionar kroner årleg i denne ordninga. Pengane har blant anna gått til å byggje nødbuer, innkjøp av redningsutstyr, fjellvaktteneste, bruer og stitilrettelegging, i tillegg til arbeid med besøksforvaltning. Stiar som er autorisert blir prioritert i tilskotsordninga.