Få kommunar hadde vesentleg nedgang i utsleppa i 2021

Nye tal for klimagassutslepp i kommunar er no tilgjengeleg.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 17.01.2023

– Arbeidet i kommunane med å redusere utslepp av klimagassar er viktig for at vi skal nå klimamåla våre og er avgjerande for å få til ein berekraftig, langsiktig omstilling. Vi ser at omstillinga må gå raskare, og kommunane har eit ansvar for dette saman med alle andre samfunnsaktørar. Eg håpar at vi får sjå endå fleire gode løysingar frå lokalt plan dei kommande åra, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet har publisert nye utsleppstal for kommunar og fylke. Klimagassrekneskapen viser korleis utsleppa har utvikla seg frå 2009 til 2021 innanfor kommunegrensene, fordelt på ni ulike sektorar.

Reduserte utslepp frå sjøfart og frå kvotepliktige anlegg i industri var hovudgrunnen til utsleppsreduksjonar i kommunane med størst nedgang frå 2020 til 2021.

Ein del av kommunane har redusert utslepp frå personbilar og i avfall- og avløpssektoren, men auke i utslepp frå tunge køyretøy, oppvarming og dieseldrivne motorreiskapar, førte til at dei totale utsleppa ikkje vart reduserte i 2021 for fleirtalet av kommunane.

Utsleppa er likevel reduserte dei siste ti åra i dei fleste kommunane

Klimagassrekneskapen viser at 55 prosent av kommunane har hatt meir enn fem prosent nedgang i utsleppa sidan 2011. Tala for vegtrafikk, avfall og avløp, og oppvarming er hovudgrunnen.

Utslepp frå sjøfart, jordbruk og dieseldrivne motorreiskapar har derimot auka i dei fleste kommunane dei siste ti åra.

– Kommunane speler ei sentral rolle for å få ned Noregs utslepp av klimagassar. Både når dei jobbar med å redusere utslepp frå kommunen si eiga drift og når dei legg til rette for eit meir klimavennleg næringsliv og lokalsamfunn, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Utslepp frå vegtrafikk er redusert

Utslepp frå vegtrafikk er redusert med minst fem prosent eller meir sidan 2011 i nesten alle kommunane. Bruk av biodrivstoff, nasjonale verkemiddel for å auke andelen elektriske køyretøy og lokale tiltak som legg til rette for sykkel, kollektivtransport og elbilar, har til saman bidratt til store reduksjonar i dei fleste kommunane i Noreg.

Utsleppsreduksjonar frå avfall og avløp

Utslepp frå avfall og avløp er redusert med minst fem prosent eller meir sidan 2011 i 75 prosent av kommunane. Forbod mot deponering av organisk avfall og krav om oppsamling av deponigass har ført til utsleppsreduksjonar i avfallssektoren i dei fleste kommunane.

Oljeforbod til oppvarming har hatt stor effekt

Forbod mot fyring med mineralolje til oppvarming har bidratt til at utsleppa frå olje og parafin til oppvarming, som var ca. 0,8 million tonn CO2-ekvivalentar i 2011, no er tilnærma borte. Det står framleis att utslepp frå bruk av gass og vedfyring til oppvarming.

Tal for utslepp i alle kommunar

Klimagassrekneskap for kommunar kan brukast av kommunar på ulike måtar, og kommunane står fritt til å erstatte tal med tal frå andre datakjelder viss dei har betre data, eller å supplere talgrunnlaget med andre data og utsleppskjelder som ikkje er inkluderte frå før, eller som er utanfor avgrensinga til rekneskapen.

Klimagassrekneskap er nyttig i klimaarbeidet i kommunane

I 2022 kartla Miljødirektoratet dagens bruk og nytte av klimagassrekneskapen og moglegheiter for vidareutvikling. Kartlegginga omfatta eit representativt utval av kommunane.

– Kartlegginga har stadfesta hovudinntrykket vi har fått gjennom dialog med kommunane, og det er at klimagassrekneskapen vert opplevd som eit nyttig kunnskapsgrunnlag i klimaarbeidet i kommunane. Det er framleis behov for å halde fram utviklingsarbeidet slik at tenesta i størst mogleg grad fangar opp den reelle utviklinga i utsleppa i kommunane. Dette vil bidra til at klimagassrekneskap for kommunar blir eit endå meir relevant og nyttig verktøy i klimaarbeidet i kommunane, seier Ellen Hambro.