Laksefisket noko betre i fjor etter botnrekord året før

– Vi er glade for at laksefisket i elv i fjor tok seg opp etter det dårlegaste fisket i historia året før, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 27.01.2023

Statistisk sentralbyrå (SSB) har i dag publisert den nasjonale statistikken for fangst av laks, sjøaure og sjørøye i elv. Den viser at det i 2022 blei fanga 380 tonn laks i elv, 24 prosent meir enn i 2021 som var eit år med historisk låge fangstar. Fangsten ligg likevel eit godt stykke under gjennomsnittet for dei 10 siste åra, som er 411 tonn.  

– Samtidig som det er positivt at laksefisket gjekk opp i fjor ser vi at innstramningene i fisket som vi innførte frå 2021 er nødvendige. Vi har over tid vore bekymra for at færre laks enn tidlegare overlever opphaldet i havet og kjem tilbake til elva. Dette bekymrar oss framleis, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Klimaendringar påverkar fisket 

Agder skil seg ut frå resten av landet med ein nedgang i laksefangsten i elv på 24 prosent. I dette fylket har det ikkje vore fiska med fastståande reiskap i sjø dei siste to åra, slik at ein kunne forventa noko meir fisk opp i elevane og dermed høgare fangsttal. Ein viktig faktor var den lange tørkeperioden som prega sommaren sør i landet.  

– Lite vatn i elvane påverka ikkje berre straumprisane, men også kor mykje fisk som klarte å ta seg opp i elvane i fiskesesongen. Dette er eit konkret døme på korleis klimaendringar påverkar fisket og naturmangfaldet, seier Ellen Hambro. 

Reguleringar sikra levedyktige bestandar 

Også i sjølaksefisket gjekk fangsttala for atlantisk laks opp frå 98 tonn i 2021 til 134 tonn i fjor, viser SSB-tal publisert i november. Det kan vere mange årsaker til at fisket varierer frå eitt år til det neste, så det er vanskeleg å seie sikkert kva auken i fangst både i elv og sjø frå 2021 til i fjor kjem av. Miljødirektoratet følgjer derfor nøye med på bestandane av atlantisk laks, for å bidra til at dei blir bevarte og at det blir eit haustbart overskot. Vitskapleg råd for lakseforvaltning kom i haust med ein rapport som viste at færre laks kom tilbake frå havet til elvane i 2021 enn nokon gong tidlegare. På grunn av strenge reguleringar i laksefisket både i sjø og i elvar var det likevel nok laks som deltok i gytinga i dei fleste elvane til å sikre god reproduksjon. Det største unntaket er den svært viktige lakseelva Tana i Finnmark, der det trass i fiskeforbodet i elva og nærliggjande sjøområde framleis er for lite gytefisk i elva. 

 – Den atlantiske villaksen er raudlista som nær trua, og vi har eit stort ansvar for å ta vare på han. Vi ventar derfor spent på årets rapport frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning, som vil fortelje oss om det også i 2022 var nok laks i elvane til å sikre levedyktige laksebestandar, seier Hambro.