Tilrår strengare reguleringar av ferdsel på Svalbard
Miljødirektoratet foreslår fleire reguleringar for å vareta miljøet på Svalbard i ei tilrådning til Klima- og miljødepartementet.
– Med raske klimaendringar og vekst i turisme og annan ferdsel, er dagens miljøregelverk ikkje tilstrekkeleg for å vareta sårbar natur og kulturminne på Svalbard. Auka ferdsel har allereie sett tydelege spor mange stader på øygruppa, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Tilråding etter høyring
Miljødirektoratet sende i september 2021 eit forslag til nye reguleringar av ferdsel på høyring, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet (KLD). KLD får no tilrådinga vår i saka etter høyringa.
Å bevare Svalbards særeigne villmarksnatur er eit av dei overordna måla for svalbardpolitikken. Ein føresetnad for oppdraget frå KLD er å redusere påverknaden frå ferdsel på Svalbard.
– Vår vurdering etter høyringa er at det ikkje ligg føre alternativ som i same grad reduserer belastninga frå ferdsel, utan at vi også regulerer talet på skip eller personar som kan ferdast i eit område, seier Hambro.
Miljødirektoratet meiner at forslaga i lita grad har noko å seie for ferdsel for fastbuande samanlikna med dagens regelverk. Forslaget vil ha mest å seie for sjøbaserte turistverksemder som må tilpasse seg dei nye reguleringane.
Fleire høyringspartar har foreslått å heller bruke retningslinjer for ferdsel eller auka kontroll og handheving av eksisterande regelverk. Etter Miljødirektoratets vurdering vil ikkje dette redusere omfanget av område på Svalbard som blir påverka av ferdsel. Slike verkemiddel vil heller ikkje bevare større område lite ramma av menneskeleg aktivitet.
Fleire av høyringspartane foreslår også ei konsesjonsordning som verkemiddel framfor reguleringane som er foreslått. Utgreiing av slike ordningar var likevel ikkje ein del av oppdraget frå KLD.
– Vi foreslår at hovudtrekka i høyringsforslaget blir vedtatte. Vi viser her også til at Sysselmeisteren støttar hovudgrepa i dei foreslåtte reguleringane. Vi er einige i at ei konsesjonsordning for reiseliv på Svalbard kan greiast ut nærare som eit tillegg som kan løyse utfordringar med for høge besøkstal, seier Hambro.
Reiselivet tilbake etter pandemien
Sommarsesongen 2022 var reiselivet tilbake på omtrent same nivå som før pandemien, med ein auke i talet på ekspedisjonscruisebåtar og nye område som blir tatte i bruk til ilandstigning samanlikna med toppåret 2019.
Fokuset på isbjørnopplevingar er aukande, og Sysselmeisteren vurderer no behovet for ei strengare regulering som heilt prekært for å verne isbjørn mot forstyrring. Det har i 2022 vore ein auke i talet på politimeldingar for brot på ferdselsreglar, ulovleg motorferdsel på sjøis og forstyrring av isbjørn.