15 millionar kroner til betre vassmiljø

72 prosjekt over heile landet får til saman 15 millionar kroner for å gjere livet betre for fisk og anna liv i elvar, innsjøar og kystvatn.

Publisert 04.07.2023

I år var det 187 søkjarar som hadde søknader på totalt 78 millionar kroner. 

– Vi ser ein stor auke i talet på søknader med gode prosjekt for å betre vassmiljøet, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro. 

– Dessverre er vasskvaliteten mange stader i Noreg for dårleg. Det er derfor gledeleg at det kom så mange søknader om å betre vassmiljøet. Pengane som no blir delte ut skal blant anna gå til restaurering, og redusere forureining og avfall. I tillegg til desse pengane, forsterka regjeringa i fjor haust ambisjonane for å minske påverking frå blant anna vasskraft, akvakultur og landbruk, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

 

Ein firedel av vatnet for dårleg

Bakgrunnen for tilskotsordninga er at vatnet i ein av fire elvar, innsjøar og kystområde i Noreg ikkje har god nok miljøtilstand. Det som påverkar fisk, plantar og andre artar som lever i vatn mest negativt er vasskraftutbygging, miljøgifter, naturområde som blir borte på grunn av utbygging, innførsel av framande artar, langtransportert forureining og forureining frå landbruk og avløp.

Tiltaka som får støtte skal blant anna opne bekker, forbetre leveforholda for fisk og andre artar i vatn, hindre at vatn gror igjen av plantar, eller redusere effektane av menneskeleg aktivitet som ulike typar forureining. 

– Ofte eit spleiselag

Det blir også gitt støtte til undersøkingar som skal avdekkje miljøutfordringar i vassdrag og kystområde, til informasjonsarbeid, og til å organisere samarbeid om vassforbetrande tiltak mellom ulike aktørar.

– Midlane frå Miljødirektoratet inngår ofte i eit spleiselag, der også andre aktørar hjelper til med midlar. Tilskotet frå staten kan vere avgjerande for at prosjekta blir gjennomførte, seier miljødirektør Ellen Hambro. 

Dei som får midlar er kommunar, interkommunale prosjekt, vassområdeutval, forskingsinstitusjonar, private føretak og frivillige organisasjonar.