Tjuvfiske på elvemusling bekymrar Miljødirektoratet

Miljødirektoratet har dei siste vekene motteke fleire tips om at det er observert personar som plukkar elvemuslingar i ulike vassdrag i Noreg.

Publisert 06.07.2023

– Elvemusling er i dag trua og står i fare for å døy ut i Noreg. Difor er arten totalfreda og uttak av elvemusling er forboden. Brot på reglane er grov miljøkriminalitet og regelbrot er straffbart, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

I Hobølelva i Indre Østfold kommune vart det funne fleire plastbrett med elvemusling. Statens naturoppsyn og politiet vart kopla inn i saka og hendinga vart meldt.

Ynskjer tips frå publikum

Miljødirektoratet er bekymra for at det går føre seg ulovleg fangst av elvemusling og ynskjer tips frå publikum dersom ein registrerer aktivitet i elvane. Ved pågåande mistenkjeleg aktivitet i området kan politiet varslast på telefon.

– Noreg har eitt internasjonalt ansvar for å bevare elvemuslingen fordi vi har over 40 prosent av den europeiske bestanden. I Europa har arten hatt ein drastisk nedgang. Samtidig har det også her til lands vore ei negativ utvikling for elvemuslingen, seier miljødirektøren.

Elvemusling er ein art som fortel deg mykje om tilstanden til vassdraget. Arten bidreg til å betre vasskvaliteten fordi kvart enkelt individ kan filtrere 50 liter vatn per døgn. Dersom muslingane er mange nok, reinsar dei alt vatnet i bekken eller elva. Slik betrar muslingen forholda for fisk og alle andre artar som lever saman med han. Difor kallar vi ofte muslingen for ein indikatorart.

Menneskeskapte påverkingar

Elvemuslingen finst i dag i 419 lokalitetar, men i ein tredel av desse slit han med rekruttering. Nærvær av laks eller aure er heilt nødvendig for reproduksjonen av muslingar, og elvebotnen må ha tilstrekkeleg gjennomstrøyming av oksygenrikt vatn for at muslingane skal overleve dei fyrste leveåra nedgrave i elvebotnen.

– Dei største truslane mot elvemusling i dag er menneskeskapte påverkingar i og langs vassdrag, som sur nedbør, vassdragsutbygging og vegbygging. Også aktivitetar som medfører tilslamming av elvebotnen, som til dømes avrenning frå land- og skogbruk, reduserte flaumar og grøfting, påverkar elvemuslingen negativt, seier Hambro.

Historisk sett har perlefiske vore den største trusselen. Berre nokre få muslingar har utvikla perler, omtrent 1 av 1000. Av desse er det berre nokre få som er så fine at dei har økonomisk verdi. I dag er elvemuslingane freda.

I område ramma av sur nedbør, er mange av vassdraga kalka for å betre vasskvaliteten. Dei viktigaste tiltaka er å hindre at forureining og slam kjem ut i vatnet, og at vassdraga våre blir skåna mot inngrep som graving, utfylling og tørrlegging.

Investerer store summar

Elvemuslingar er ein hardfør art og kan leve opp til 200 år. Dei eldste er 280 år og vart fødde før den industrielle revolusjonen. Elvemuslingane kan formeire seg heile livet, noko som gir håp for å kunne berge arten.

– Forvaltinga investerer store summar for å bevare arten og set i verk tiltak. Universitetet i Bergen driftar på oppdrag av Miljødirektoratet eit kultiveringsanlegg for å ale opp småmuslingar frå utvalde lokalitetar. Sidan 2016 er det sett ut i overkant av 25.000 småmuslingar, seier Hambro.

Arten har ein eigen handlingsplan som gjeld for perioden 2019-2028 der ein har lista opp prioriterte tiltak for å bevare arten.