Pukkellaks-fellene fungerer: – Imponerande innsats

Over 72 000 pukkellaksar er fanga så langt i år. Nye fiskefeller, fortløpande justeringar av fellene og ein solid arbeidsinnsats er årsaka.

Publisert 21.07.2023

– Vi ser allereie at nedkjempingstiltaka fungerer mykje betre i år enn i 2021. Fellene i nesten alle vassdrag fungerer svært godt. Det gjer også organiseringa av arbeidet, mottaka og omsetninga av fisken. Vi får utnytta mykje meir av fangsten til mat og andre gode formål samanlikna med alle tidlegare pukkellakseår, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Pukkellaks-tiltaka verkar

Miljødirektoratet si oversikt viser at over 72 000 pukkellaksar har vorte stoppa i norske elvar så langt i år.

­– Det generelle biletet her i Finnmark viser at ting fungerer veldig bra. Både dei nye fellene som er kjøpt inn i år, og dei gamle som vi har gjort justeringar på, fungerer slik vi håpa, seier Torfinn Sørensen, fungerande direktør i Miljødirektoratet.

I alt er det 32 elvar i Finnmark som har feller for å stoppe den uønskte pukkellaksen. Dei elvane som ikkje har nye feller i år, har fått fagleg støtte og tilskot av Miljødirektoratet for å utbetre fellene som vart brukte for to år sidan.

– Ein fantastisk innsats

Klima- og miljøministeren rosar organiseringa av arbeidet som blir utført døgnet rundt – både av tilsette og frivillige.

– Alle dei som no står på dag ut og dag inn ute i fjordane og elvane er heilt avgjerande for å hindre at pukkellaksen øydelegg naturen i vassdraga våre. Den innsatsen som har vorte lagt ned så langt denne sesongen er utruleg imponerande, det såg eg med eigne auge då eg besøkte innsatsen tidlegare i juni, seier Eide.

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har, på oppdrag frå Miljødirektoratet, hatt ansvaret for å kjøpe inn og leggje til rette for drift i 30 av 32 feller i fylket. Dei siste to har Miljødirektoratet og Veterinærinstituttet ansvaret for.

– I elvane med størst innsig av pukkellaks jobbar dei som nokre heltar for å få unna alt. Akkurat no er det Vesterelva i Nesseby som har fått størst innsig av pukkellaks i fella, der har dei teke ut totalt over 13 000 pukkellaksar, nesten heile 5000 pukkellaksar på torsdag. I Vestre Jakobselv og Neiden har dei teke ut over 11 000 kvar, seier fiskeforvaltar Malin Solheim Høstmark hos Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

Spent på utviklinga

Sjølv om det var spådd at rekordstore mengder av pukkellaks skulle ta seg opp i elvane i Finnmark og deler av Troms i år, liknar dagens tal på mykje på talet på pukkellaks som kom i norske elevar i 2021.

– Vi har så langt fanga fleire pukkellaksar enn i 2021, men likevel er mengda pukkellaks mykje mindre enn det vi frykta. Vi forventa i utgangspunktet ei mangedobling av dagens tal, seier Sørensen, før han legg til:

– Men det er viktig å påpeike at det er slik situasjonen ser ut per i dag. Det har vore veldig tørt i Finnmark dei siste vekene. Framover er det meldt regn, som kan bety at det kanskje vil komme opp store mengder med fisk dei neste fjorten dagane.

Mens fellene i dei mindre elvane stort sett har fungert svært godt, har det vore litt utfordringar med fella i Tanaelva. Svært varme dagar og lite vatn i elva har gjorde at ein del fisk venta med å bevege seg oppover i elva førre veke.

– Vi har også sett at gjerdet som skal leie pukkellaksen inn i fella ikkje har fungert optimalt, men her er vi i full gang med å justere gjerdet slik at færre pukkellaks kjem seg gjennom.