Klimaendringar trugar sårbare kystartar

Klimaendringane har mykje å seie for marine artar og økosystem langs norskekysten. Utan utsleppskutt er mange artar truga.

Publisert 16.06.2023

– Artar og økosystem i havet er allereie utsett for eit stort press frå oss menneske gjennom overfiske, nedbygging av leveområde og forureining. Klimaendringar kjem på toppen av dette og trugar livet i havet, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Klimaendringar påverkar allereie leveområda til kysttorsk, laks, kongekrabbe, stortare og drøbakkråkebolle, og vil vere ein aukande trussel i tida framover.

Utbreiinga av artar langs norskekysten fram mot hundreårsskiftet er i stor grad avhengig av kva klimascenario som blir framtida.

Det kjem fram i ein ny rapport frå Miljødirektoratet, utarbeidd av Norsk institutt for vannforskning (Niva) og Akvaplan-niva.

Klimaendringar er ein av dei største truslane mot naturmangfaldet i verda

Dei marine økosystema leverer ei rekkje tenester som menneske er heilt avhengig av. Til dømes produserer dei over halvparten av oksygenet vi pustar, dei bidreg til å halde temperaturen på jorda i balanse, rekreasjon og er ei viktig matkjelde.

– At klimaendringane påverkar økosystemtenestene både raskare og sterkare enn vi tidlegare har anteke, viser at det er viktigare enn nokon gong å innføre tiltak for å avgrense dei negative effektane og ta omsyn til klima i kystforvaltninga i framtida, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Utsleppskutta vi gjer i dag er av avgjerande betydning

Klimaendringar gjer at fleire marine artar flyttar seg, oftast mot pola. Dette kjem mellom anna av at kvaliteten på områda der artane lever, også kalla habitatet, blir dårlegare som følgje av eit endra klima.

– Dessverre gjer klimaendringar at havet blir varmare, surare og kan ta opp mindre oksygen. Summen av desse endringane kan vere kritisk for artane som lever der. Funna i studien viser at fleire kystartar er på veg til å miste dei naturlege leveområda sine, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Rapporten viser at dei fem utvalde artane endrar utbreiing som følgje av endringar i miljøet langs norskekysten fram mot 2100. Habitata deira blir dårlegare, og det er i Nord-Noreg dei beste leveområda vil vere i tida framover.

Kor store endringane blir for dei ulike artane, er avhengig av kor mykje  klimagassar vi slepper ut i tida framover. Lågare utslepp vil gje mindre konsekvensar for artane.

Tareskogen er truga av klimaendringar

Studien viser at leveområdet for stortare blir påverka av auka temperaturar. Ved middels eller høgt klimascenario kan temperaturauken mot slutten av hundreåret føre til nedgang eller lokal utrydding av stortare i Sør-Noreg. 

Tareskogar langs kysten er produktive økosystem med stor artsrikdom. Fleire artar, mellom anna torsk og sei, er heilt avhengig av tareskogane for å overleve.

– Noreg er landet i Europa med mest tareskog, og dei har ei viktig rolle i å lagre karbon. Det er urovekkjande at klimaendringane kan føre til lokal utrydding av stortare langs kysten i Sør-Noreg, seier Ellen Hambro.

Dårlegare leveområde for torsk og laks

Kysttorsk og atlantisk laks vil ifølgje studien finne eigna leveområde langs heile norskekysten fram mot 2100. Rapporten seier likevel at kvaliteten på habitatet blir dårlegare langs heile kysten i alle klimascenarioa.

– Torsk er ein nøkkelart, og utbreiinga til kysttorsken har difor stor betydning for økosystemet. Klimaendringane gjer at leveområda for kysttorsken på sikt blir dårleg i Sør-Noreg, og det får mykje å seie for bestanden av kysttorsk her. I Nord-Noreg vil det framleis vere gode oppvekstvilkår for kysttorsken, sjølv om det også her vil bli dårlegare forhold over tid, seier Trond Kristiansen, prosjektleiar i Niva.

Den atlantiske laksen bevegar seg mellom ferskvatn og havet og blir påverka av forandringar i alle miljø han oppheld seg i. I denne studien er det kvalifikasjonane til kysten som leveområde som er vurdert.

– I denne studien ser vi på artane i vaksenstadiet. Samtidig veit vi at dei i egge- og larvestadiet sannsynlegvis er meir sårbare for klimaendringar, og at dette kan vere ein flaskehals for overleving av fisk i framtida. Tilgang på byttedyr er også ein kritisk faktor for overleving. Til dømes  er det viktig at tidspunktet laksesmolten vandrar mot ope hav klaffar med tilgang på byttedyr, seier Kristiansen.